Hopp til innhold

Misbrukte OL-sjansen i Pokljuka

Då både Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen tok seg ein pause frå verdscupsirkuset, skulle resten av det norske laget vise seg fram. Det greidde korkje Tarjei Bø eller Ronny Hafsås.

Tarjei Bø

PÅ 37. PLASS: Tarjei Bø hadde tre nordmenn framfor seg på resultatlista i dag. Samstundes mangla dei kanskje fire beste norske løparane på startstreken.

Foto: Olav Brendehaug

Korkje Tarjei Bø eller Ronny Hafsås fekk det til å klaffe på dagens 20-kilometer i Pokljuka:

Tarjei Bø skaut fire bom på standplass, og enda på 37. plass - nesten tre og eit halvt minutt bak vinnaren Christoph Sumann.

For Ronny Hafsås sin del vart det totalt seks bom på dei fire skytingane, og han vart til slutt nummer 46. Hafsås var nesten fire minutt bak vinnaren, trass i at han var raskaste løpar i sporet.

Burde ha vist seg fram

I realiteten misbrukte dei to nordfjordingane ein god sjanse til å vise seg fram med tanke på ein plass i den norske OL-troppen. Fleire av dei beste norske løparane stod nemleg over i Pokljuka.

Både Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen valde å droppe verdscuprennet for å optimalisere førebuingane sine fram mot vinterens OL. Duoen er dei einaste skiskyttarane frå Norge som sikkert kan rekne med ein plass i den norske OL-troppen.

I tillegg stod også Halvard Hanevold og Lars Berger over distansen.

Ronny Hafsås

LANGT NEDE: Ronny Hafsås har hatt betre klaff i langrennsløypa enn i skiskyting denne sesongen.

Foto: Scanpix

Os med god OL-søknad

På dagens normaldistanse la derimot Alexander Os inn ein god søknad om ein plass i troppen til Vancouver med sin tredjeplass. Dagen vart også oppløftande for Frode Andresen, som gjekk inn til sjuandeplass.

Tredje beste nordmann vart Hans Martin Gjedrem på 29. plass med to tilleggsminutt.

I helga ventar nye sjansar for Tarjei Bø og Ronny Hafsås. Laurdag er det sprint, medan løparane skal gå jaktstart på søndag.