NRK Meny
Normal

Køyrde rundt med to uforsvarlege røyrlaster – med bilar frå same transportfirmaet

Hugsar du den utanlandske semitraileren, som med svært skeiv røyrlast vart observert på E39 i Sunnfjord? No viser det seg at dette ikkje er eit eingongstilfelle....

Skeivlasta trailer på Sunde

IKKJE SÆRLEG TRYGT: Den utanlandske traileren med røyrlast på E39 på Sunde i Førde.

Foto: NRK-tipsar

NRK.no omtalte måndag saka, der ein semitrailer med svært forskyvd last vart observert køyrande på E39.

– Dette er absolutt ikkje bra, hadde eg møtt denne lastebilen på vegen hadde eg tatt førarkortet frå sjåføren, sa operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Nokre dagar seinare kjem det fram at politiet tidlegare har stansa ein trailer frå same transportfirmaet på E16 utanfor Hønefoss.

– Veldig urovekkande

For den 29. juni stansa politiet ein lastebil med åtte store og tunge røyr av same type. Røyra låg i ei slags trevogge, men denne hadde brotna, og dermed hadde røyra fått ei forskyving mot venstre. Politiet la då ned køyreforbod, fortel operasjonsleiar Ola Fjellstad ved Hønefoss politistasjon.

– I tillegg tok vi hand om førarkortet til sjåføren mellombels. Dagen etter såg folk frå Hønefoss trafikkstasjon på bilen og konstaterte at lasta var uforsvarleg sikra.

Med andre ord har to transportar med ei vekes mellomrom med røyr på veg mot Sogn og Fjordane hatt last som har forskyvd seg. Det er urovekkande, seier fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

– Det er veldig urovekkande. Slike røyr er tunge, og om dei dett av kan dei skade og drepe andre trafikantar, og det kan få katastrofalt utfall.

(Artikkelen held fram under biletet)

Audun Heggestad

– UROVEKKANDE: Fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Frykta lastebilen skulle velte

På Hønefoss fekk eit lokalt transportfirma jobben med å sikre lasta til traileren som vart stansa. Sjåføren fekk att førarkortet og kunne måndag 30. juni halde fram turen sin mot målet sitt, truleg ein stad i Sogn og Fjordane.

Måndag denne veka var fleire trafikantar vitne til ein trailer frå same firmaet – kanskje same traileren – som hadde kraftig slagside mot høgre. Årsaka var at røyrlasta hadde forskyvd seg.

Slagsida var så kraftig at folk som køyrde bak traileren var redde for at den skulle velte. Men sjåføren var tydeleg klar over faren, for han sette farten ned før svingane.

Inspektør Gunnar Brevik ved Sogndal trafikkstasjon seier at dei vart tipsa om den skeive traileren av mannskapet på ferja mellom Fodnes og Mannheller måndag morgon. Men då fekk dei ikkje stansa traileren.

Ut frå biletet i artikkelen til NRK.no har ikkje Brevik problem med å slå fast at det her handlar om rullande høgrisiko.

– Det er stor fare for at den lasta kan ramle av under transport, det er kjempefarleg. Det er ikkje slik vi vil ha det på vegane, og det er klart at denne traileren burde ha vore stoppa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trailer med skeiv røyrlast

VARSAM I SVINGANE: Traileren sette farten godt ned framfor svingane, så sjåføren var nok klar over faren.

Foto: NRK-tipsar

Har endra transportmåten

Røyra skal til Skorva kraftverk i Askvoll. Det er SFE Produksjon som eig kraftverket, men det er røyrfirmaet Brødrene Dahl som har ansvaret for innkjøp og inntransport av røyr.

Røyra er kjøpte frå ein verksemd i Frankrike, og vart laste på trailerane i Antwerpen. Direktør for vasskraft i Norge i Brødrene Dahl, Bjarte Skår, vart sjølv sjokkert då han såg biletet i nettartikkelen til nrk.no.

– Vi har god historikk med levering av røyr til kraftanlegg. Det vi såg på dette biletet er ein heilt uforsvarleg måte å frakte røyr på. Då vi oppdaga dette gjekk vi til produsenten og gav beskjed om at dette ikkje blir akseptert og at det må endrast.

– Så framover kan trafikantane vere trygge på at dei ikkje treng møte slike transportar?

– Ja, det kan eg garantere.

Skår fortel at transportøren frå no av berre får frakte fire røyr om gongen.

Stansa av formelle årsaker

Inspektør Gunnar Brevik i Statens vegvesen kan fortelje at det er fleire røyrlaster som har passert gjennom fylket den siste tida, og nokre av dei er blitt stansa på Håbakken i Lærdal.

– Vi har stansa fem slike transportar dei to siste vekene. Det er nedlagt køyreforbod for fleire av dei. Men det er av meir formelle årsaker, det er søkt om dispensasjon, og så viser det seg at lasta ikkje er slik som i søknaden.

Det var søkt om transport ut over vanleg lengde og breidde, i papira var det snakk om 14 meters lengde. Men på bilane var det åtte røyr, kvar på sju meter, slik at to og to låg etter kvarandre.

Dermed vart det dårlegare stabilitet enn om kvart av røyra hadde vore 14 meter lange. I Norge blir det berre gitt dispensasjon for heile røyrlengder.

– Etter at det vart klart at det ikkje var samsvar mellom søknaden det var gitt dispensasjon for og det vi såg har vi inndrege dispensasjonen.

Men dei trailerane som vart stansa på Håbakken hadde last som var sikra tilstrekkeleg, seier Brevik.

Det var John Ørjan Marthinsen som gjorde NRK Sogn og Fjordane merksam på at ein liknande semitrailer vart stansa av politiet ved Hønefoss etter at han hadde lese artikkelen på nrk.no.

– Lasta hadde forskyvd seg til venstre, men ikkje på langt nær så ille som på biletet i artikkelen. Likevel var det såpass uforsvarleg at det burde vere køyreforbod og inndraging av førarkort.

Audun Heggestad har sjølv vore ute for ein trailer som nesten velta over bilen hans og grøssar ved tanken på at slike ulukker kan skje.

– Ein kan lure på kva sjåførane tenkjer på når dei ikkje stansar når dei ser at lasta har forskyvd seg.

Det er det austerrikske transportselskapet LKW Walter som har køyrt røyra frå Antwerpen til Askvoll. Stefan Massinger i selskapet skriv i ein e-post at dei kjenner til hendingane med røyra som hadde forskyvd seg.

– Dette er sjølvsagt ikkje trygt. Vi har gjort tiltak for å unngå slike situasjonar i framtida.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser