Hopp til innhold

Hadde kontakt med mann som chatta om å forgripe seg på eigne born

Ein av mennene i Sogn og Fjordane som er blanda inn i overgrepsavsløringane i «Dark Room», skal ha hatt kontakt med ein 38-åring som har chatta om seksuelle overgrep mot eigne born.

Janne Ringset Heltne og Hilde Reikrås

Politiadvokat Janne Ringset Heltne og etterforskingsleiar Hilde Reikrås ved Vest politidistrikt har sidan i fjor jobba med det hemmelege prosjektet «Dark Room» i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Mannen i 50-åra er busett i Sogn og Fjordane. Han vart pågripen tidlegare i år.

Det er ikkje kjent kva han har diskutert med 38-åringen frå Hordaland om, eller om det er desse to som har chatta om overgrep mot Hordaland-mannen sine born.

Men politiet meiner dei har bevis for at mannen i Sogn og Fjordane har vidaresendt overgrepsbilete han sjølv fekk tilsendt frå ein mann i utlandet.

Vest politidistrikt sette i fjor ned ei etterforskingsgruppe som i løyndom har etterforska overgrep mot born. Prosjektet er kalla «Dark Room». Til no er 51 menn blitt avslørt. Nokre er einskildsaker, andre har hatt kontakt med kvarandre.

Av desse er 20 menn tekne i Vest politidistrikt. Minst to av dei er frå Sogn og Fjordane.

Oversikt over pågrepne i overgrepssak

OVERSIKT: Politiet sin eigen illustrasjon over dei arresterte.

Foto: Politiet

Mann i 50-åra

Den eine er mannen i femtiåra. Han jobbar som sjølvstendig næringsdrivande. Mannen vart pågripen for å ha oppbevart bilete som enten viser seksuelle overgrep mot born eller som seksualiserer born. Mannen har erkjent overfor politiet at han har hatt overgrepsbilete på datamaskina si.

Mannen nektar for at han har delt desse bileta med andre.

Men politiet hevdar det er gode sjansar for at han har delt bilete, og grunngjev det med at mannen har kommunisert med andre som ynskjer å få tilsendt overgrepsbilete av barn.

Etter det NRK kjenner til gjekk politiet til pågriping av ein politikar på Austlandet etter å ha etterforska mannen. Politiet gjekk gjennom mannen sine chatloggar på Skype og internettforum, og meiner å ha bevis for at mannen har hatt kontakt med andre som har ønskt å få tilsendt «noko ungt».

Mannen i femtiåra vart varetektsfengsla for fire veker i vår.

– Eg er ikkje kjent med at det er teke ut tiltale mot mannen, seier regionlensmann i den aktuelle regionen i Sogn og Fjordane.

Mann i 30-åra

Den andre frå Sogn og Fjordane skal vere ein mann i 30-åra. Han skal for tida vere arbeidsledig. Korkje politiadvokat Sissel Kleiven eller andre representantar i politiet har i dag klart å opplyse NRK om kva mannen konkret er sikta for.

– Dette er kanskje det største overgrepsuniverset i norsk historie, seier NRK sin krimreporter Runa Viktoria Engen til NRK Sogn og Fjordane. Ho har jobba tett på «Dark Room»-prosjektet over lengre tid.

Sakene i Sogn og Fjordane er mellom dei minst alvorlege.

– Dei er av typen der ein person har oppsøkt og etterspurt slikt materiale, men ikkje gjort seg skuldig i overgrep sjølv, seier Engen.

Til saman har politiet notert seg 5000 namn på landsbasis i arbeidet.

Påtaleleiar Gunnar Fløystad ved Vest politidistrikt kallar «Dark Room» den største saka om seksuelle overgrep i landet. Han seier det ikkje dreiar seg om eitt samla slag mot eit miljø i ei sak, men om eit kompleks av nettverk og overgrepssaker.

Mannen i 50-åra sin forsvarar vil ikkje kommentere saka ytterlegare, men tvilar på at politiet vil kome særleg langt med påstanden om at han har delt bilete med politikaren.

– Vi ventar på avslutninga av etterforsking i saka, seier advokaten.