NRK Meny
Normal

Minst 11 av 15 gullvinnarar frå EM i Norge er utestengde

Fleire namngitte gullvinnarar frå EM i vektløfting i Førde i fjor har blitt avslørt for juks etter at dopingprøvar frå OL i Beijing i 2008 og London i 2012 har blitt analysert på nytt.

Vektløftaren Gor Minasyan på rumpa etter å ha bomma på løft

RETT PÅ RUMPA: Gor Minasyan frå Armenia tok sølv i tungvektsklassen under EM i vektløfting i Førde. Han er ikkje tatt for doping, men er utestengt fordi Armenia er utestengt saman med åtte andre nasjonar for mange positive dopingprøvar.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

EM i vektløfting, Førde, april 2016: 411 utøvarar frå over 40 nasjonar var påmeldt til Europameisterskapen i vektløfting. Gjennom EM-veka vart det delt ut 15 gullmedaljar til dei som vann samanlagt i rykk og støyt.

Ein månad etter at EM vart avslutta publiserte IOC dei første resultata frå retesting av nedfrosne dopingprøvar OL tilbake i 2008 og 2012.

Fleire av gullmedaljevinnarane frå EM i Førde dukka opp etter kvart som IOC si liste over dopingsyndarar vart lengre.

Trenar Gunnar Reiakvam

LANG FARTSTID: Gunnar Reiakvam har sjølv vore landslagstrenar i vektløfting og har vore aktiv i idretten sidan 1970-talet. – Det er flott at dei no ryddar opp og tar dei som juksar, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det kjem ikkje som noko bombe. Vi som har vore med ei stund har hatt mistankar og veit at det føregår juks rundt omkring. Men det er å halde andre utøvarar for narr, seier Gunnar Reiakvam, som var norsk landslagstrenar under EM.

Han har vore i vektløftingsmiljøet sidan 1970-talet og var landslagstrenar i fem år fram mot EM på heimebane.

Fire totale gull

Medaljestatistikken vart dominert av Armenia, Tyrkia, Ukraina og Russland (ekstern lenke). No er alle nasjonane utestengt.

For utøvarar frå Armenia, Azerbaijan, Kviterussland, Kina, Moldova, Kazakhstan, Russland, Tyrkia og Ukraina er utestengt i eitt år av det internasjonale vektløftarforbundet. Årsaka er at tre eller fleire utøvarar frå den nasjonen har testa positivt etter retesting frå OL i London og Rio.

– Eg syns det er heilt rett å stenge ute desse nasjonane. For når det er så mange utøvarar frå same land er det ikkje tilfeldig, seier Reiakvam.

Stian Grimseth takkar Tamas Ajan for skryt

POSITIV: Tidlegare vektløftar Stian Grimseth var leiar for EM i Førde. – Det er positivt at juksemakarane vart tatt, men det er synd at utøvarar som har dopa seg og ikkje hadde fått straffa si var med i EM, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Desse fire gullmedaljevinnarane er tatt for doping, anten under OL i London eller Beijing:

  • Kvinner 48kg: Sibel Ozkan Konak frå Tyrkia. I same vektklasse tok Nurcan Taylan frå same land 4.-plass.
  • Kvinner 53kg: Cristina Iovu frå Romania.
  • Kvinner 58kg: Boyanka Minkova Kostova frå Azerbadjan.
  • Kvinner +75kg: Hripsime Khurshudyan frå Armenia.

Av dei 15 gullmedaljane som vart levert ut til totalvinnarane i rykk og støyt, var det berre fire av dei som gjekk til utøvarar frå land som no ikkje er utestengt.

– Det er beklageleg for dei som stilte reine i Førde at ikkje dei som juksa vart tatt ut før EM, seier Stian Grimseth som var leiar for EM.

Ikkje i Førde

Under EM i vektløfting utførte politiet blant anna ei razzia mot ein austeuropeisk landslagstrenar på utøvarhotellet. Politiet fann 15 ampullar med testosteron og ein utøvar frå same nasjon vart tatt med dopingmiddel på seg.

Under EM i Førde vart utøvarar testa, både frå Anti-Doping Norge og det internasjonale vektløftarforbundet, men ingen har avlagt positiv prøve.

I desse dagar er det VM i vektløfting i Anaheim i USA, og der er 13 av 15 gullmedaljevinnarar frå 2015 utestengt på grunn av dopingavsløringane til utøvarar frå nasjonen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.