Hopp til innhold

Sorga er framleis enorm eitt år etter trippeldrapet

Eitt år er gått sidan trippeldrapet ombord på Valdresekspressen rysta heile landet. I kveld blir skal bygda minnast dei drepne.

Tenne lys i Årdal

I FJOR: Svært mange samla seg ved tusenårssteinen føre Rådhuset i Årdal, og dekte den med levande lys, blomster og helsingar. I ettermiddag er det minnemarkering framfor Rådhuset.

Foto: Christian Blom

Margaret Molland Sanden

Margaret Molland Sanden.

Foto: Privat

Familien Molland Sanden miste dottera si Margrete.

– Dei skildrar det siste året som eit vondt mareritt. Dei har det naturleg nok forferdeleg, og sorga og saknet i familien er framleis enormt, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå.

Margaret Molland Sanden frå Årdal vart berre 19 år gammal. Saman med buss-sjåfør Arve Kvernhaug frå Bagn i Valdres, og svenske Brahim Khouya, vart ho drepen av ein asylsøkjar måndag 4. november for eitt år sidan.

– Dei har fokusert på straffesaka. Det har vore utfordrande og vanskeleg med alt som har skjedd i den. Elles er det som står att som altoverskyggande sorga og saknet etter dottera, seier Kirkeeide Ravnå.

– Eit spesielt år for Årdal

Sommaren 2013. Årdal skal få asylmottak. Det har styresmaktene bestemt. Asylsøkjarane skal bu spreidd i den vesle industrikommunen.

Alt kom i stand om lag over fellesferien.

– Politikarane i Årdal var kritiske til etableringa av asylmottaket. Men likevel vart dette oppretta raskt, i løpet av ein sommar, seier ordførar Arild Lægreid (Ap).

Ordføraren og resten av kommunen tok i mot 150 asylsøkjarar. Mellom dei ein 31 år gammal mann frå Sør-Sudan – som hadde fått avslag på asylsøknaden sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trippeldrap i Årdal

HOLSBRU: Bussen kom aldri lenger. Sør-sudanesaren drap tre menneske om bord på denne bussen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Måndag 4. november for eitt år sidan gjekk Sør-sudanesaren om bord på Valdesekspressen i lag med to andre passasjerar. Bussen kom aldri lenger enn til Holsbru, nokre kilometer aust om Årdal. Politiet meiner asylsøkjaren planla drapa, og tiltalte han for overlagt trippeldrap.

– Det har vore eit spesielt år for årdalssamfunnet. Når dette er tema går tankane heile tida til mora og faren til Margaret Molland Sanden, og resten av familien. Det er dei som må slite med dette resten av livet. Samfunnet går jo på ein eller annan måte vidare, seier ordføraren

Arild Ingar Lægreid

ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid

Foto: Hanne Stedje, porten.no

– Vil du seie at Årdal har endra seg på noko vis?

– Nei, ikkje endra seg. Men me har vist at når det trengst så står me saman, og det er ein viktig eigenskap for eit lite lokalsamfunn, seier han.

– Ingen kunne forhindra dette

Tragedien rysta heile landet. Tusenårssteinen framfor Rådhuset i Årdal var snart ikkje å sjå. Dekt av levande lys og ei endelaus rad av blomster, kort og helsingar.

– Eg hugsar dei dagane som veldig intense og dramatiske, seier Tor Brekke.

Han er administrerande direktør i HERO, selskapet som driv mottaket i Årdal. Kva har dei lært av tragedien?

Tor Brekke

TOR BREKKE: Administrerande direktør i Hero.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det aller viktigaste er at vi i endå større grad ser betydninga av å legge vekt på å sjå enkeltmenneske i mottak, og å ha kompetanse og ressursar til det.

Brekke seier dei og jobbar med handtering og førebygging av kriser, og mot eit tettare samarbeid med kommunar, helseetatar og politi. Men kva med i forkant av tragedien?

– Nei, vi ser ikkje at det var noko vi kunne ha gjort for å forhindre det. Det trur eg ingen kunne forhindra.

– Vert sterkt for mange

10. september i år døydde drapsmannen, etter å ha hoppa frå eit tak i fengselet. Difor blir det ingen rettssak. På eittårsdagen for tragedien i Årdal skal bygda og pårørande samlast. På tidspunktet Valdres-ekspressen forlèt Tangen for eitt år sidan.

– Det er heilt naturleg å ha ei stille markering. Den blir klokka 16.25 føre Rådhuset. Det trur eg vert sterkt for mange, seier ordføraren.

Familien til Margaret Molland Sanden er glad for minnemarkeringa. Men det vert nok ein tung dag i rekka av tunge dagar etter den tragiske dagen for eitt år sidan.

– Dei tykkjer det er både naturleg og fint at det blir ei minnemarkering. Samstundes er det klart at dette blir ein tung og vanskeleg dag, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå.

Årdal

I FJOR: Grytsje Kooistra og sønene Johannes (7) (t.v.) og Simen (4) Paulides møtte opp i sentrum av Årdalstangen for å tenne lys for dei drepne på bussen mellom Årdal og Tyin.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix