Hopp til innhold

«Ho hadde alltid eit smil om munnen»

Hestemiljøet ved Tangen køyre- og rideklubb er sterkt prega etter at Margaret Molland Sanden (19) vart knivdrepen på Valdresekspressen måndag kveld.

Hovland

TRIST: Malin Hovland og dei andre i Tangen køyre- og rideklubb opplever eit stort sakn etter at klubbvenninna deira Margaret Molland Sanden vart knivdrepen på Valdressekspressen i går. Her saman med Sanden sin hest Passe Partout.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

– Eg kjende ho via stallmiljøet her i Årdal. Ho var ei veldig snill og grei jente. Ho stilte opp på dugnader og det som skulle vere, seier Malin Hovland.

For 20-åringen var det ein vond dag i stallen i Seimsdalen i Årdal i dag.

Hestar og riding var den store interessa til Margaret Molland Sanden, og ho har i årevis vore del av det levande hestemiljøet i Årdal.

– Ho har alltid vore her i stallen, så vi har no trakka her nokre år i lag, seier Hovland.

Var ei kjempejente

Ho fortel om ein jente som sjeldan sa nei, som tykte det var kjekt å vere med, og som var lidenskapleg oppteken av hest og det som følgde med.

Margaret Molland Sanden

SKULLE TIL OSLO: Margaret Molland Sanden (19) skulle tilbake til Oslo der ho studerte, då ho vart knivdrepen på Valdresekspressen måndag kveld.

Foto: Privat

– Ho var ei livleg, blid jente. Ho hadde alltid eit smil om munnen, og jobba hardt for det ho ville og framtida. Ho tok godt vare på hesten sin, var ei kjempejente, eg har berre gode ting å seie om henne, seier Hovland.

Ho fortel at Sanden i tillegg til å vere svært glad i hestar, også var svært flink.

– Ho var ikkje redd for noko, og kasta seg ut i det. Ho har til dømes gjort ein super jobb med hesten sin, seier Hovland.

Var eit naturtalent

I ein av stallboksane står varmblodshesten Passe Partout og ser ut stalldøra. Den kastanjebrune hesten var den store interessa til Margaret.

– Ho hadde eit veldig godt forhold til hesten, ho var veldig knytt til han, seier Hovland.

At Sanden var eit naturtalent med hest, kom godt med. For trass i kallenamnet til hesten, "kylling", var han ikkje alltid like lett å ha med å gjere.

– Han var ikkje den lettaste å handtere, men han er vorten ein veldig fin hest. Ho har gjort ein veldig god jobb. Han er så snill og roleg å ha med å gjere. Ho hadde eit spesielt lag med hestar, seier Hovland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tangen køyre- og rideklubb

UVERKELEG: Malin Hovland og dei andre i Tangen køyre- og rideklubb skal samlast i kveld for å snakke om det som har hendt.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Heile miljøet er prega

– Det er ei tragedie. Slikt skulle ikkje skje. Ho fortente det verkeleg ikkje. Vi har mista ein stor person her i ridemiljøet, seier Hovland.

Ho fortel at medlemmene i ridemiljøet på Tangen køyre- og rideklubb skal samlast i ettermiddag for å snakke.

– Mange er nok i sjokk. Vi veit ikkje heilt kva vi skal tru og gjere. Det er viktig at vi held saman. Så får vi finne ut kva vi skal gjere vidare, seier Hovland.

Ho fortel at hendinga pregar alle i hestemiljøet i tillegg til lokalsamfunnet i Årdal.

– Alle visste kven Margaret var. Ho var med på mykje, og ei artig og blid jente som spreidde glede. Det er ufatteleg at det kan skje her i vesle Årdal. Det skal jo liksom vere trygt. Men no kan alt skje, seier Hovland.

Det er oppretta ei minneside for Margaret Molland Sanden på Facebook. I løpet av tre timar har sida nesten 11.000 følgjarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lys og roser utanfor Rådhuset i Årdal

I SORG: Fleire har tent lys og lagt ned blomar i Årdal sentrum for å minnast dei som vart drepne.

Foto: Christian Blom / CBFoto

Ryttarkrinsen mista to på få dagar

Sogn og Fjordane Ryttarkrins er også prega av hendinga. Sanden var ungdomsmedlem i styret. Ryttarkrinsen har i løpet av få dagar mista to av sine kjære.

Førre helg omkom Aud Jorunn Frøysadal i ei trafikkulykke mellom Horten og Tønsberg. Måndag vart Margaret Molland Sanden knivdrepen då ho skulle ta Valdresekspressen tilbake til Oslo der ho studerte.

– Dette er berre frykteleg trist, seier krinsleiar Linda Natvik til NRK.no.