Hopp til innhold

Minneside blir misbrukt

Namnet til Margaret Molland Sanden, som omkom i bussdrapa i Årdal for to år sidan, vert framleis misbrukt for å ytre rasistiske og høgreekstreme meiningar. Det skriv Sogn Avis. Nære vener av Molland Sanden ber folk ta avstand til minnesida på Facebook, som dei seier ikkje er ei ekte minneside. Nyleg har namnet også blitt brukt i samband med ein Twitter-konto. Slik misbruking av andre er dessverre ikkje uvanleg, seier regionlensmann Arne Johannessen.