Av Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane
Ottar Starheim slutta i NRK Sogn og Fjordane i mars 2010. Då hadde han jobba i NRK sidan 1968. Først som programsekretær i NRK Møre og Romsdal, før han i 1975 etablerte NRKs avdeling i Sogn og Fjordane. Han var den første distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane frå 1978 til 1990.
- LES OGSÅ:
I redaksjonen var Ottar eit levande leksikon. Det han ikkje visste om Sogn og Fjordane visste ingen andre. Ottar var ein særs engasjert journalist med særleg interesse for historie, alltid vaken for ei sak vi måtte omtale. Kvar dag las han lokalavisene grundig for å få med seg små og store saker frå heile fylket.
I 1999 og 2003 fekk han fortent Presseprisen for Sogn og Fjordane.
Ottar var alltid engasjert, og engasjementet hadde han framleis den dagen han rydda kontoret sitt i Førde. Han følte likevel det var naturleg å slutte i NRK etter at eit av hans mange store prosjekt, ”Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane”, var utgitt i bokform. Fire store bind på til saman 3250 sider om fylket han var så glad i.
Først laga han og nokre gode kollegaer ei nettutgåve av fylkesleksikonet. Eit unikt tilbod for brukarane, særleg i Sogn og Fjordane. Og unikt også i NRK. Ingen andre distriktskontor hadde eit fylkesleksikon på nettet.
Nokre år etter at nettutgåva var ferdig vart Ottar hovudansvarleg for bokutgivinga av leksikonet. Eit arbeid som tok fleire år, og som NRK ikkje kunne ha gjort utan Ottar sin store innsikt og kunnskap om Sogn og Fjordane.
Etter å ha fullført leksikonet ville han bruke tida annleis. Meir tid saman med familien, meir tid til jakt og fiske og meir tid på gardsbruket i Nordfjord. Og kanskje ei ny bokutgjeving. Ottar likte å skrive, og han gav ut fleire bøker.
Slik gjekk det ikkje. Ottar fekk kreft og døydde berre 66 år gamal. Sogn og Fjordane har mista ein markant journalist, vi i NRK ein god kollega.
Vi tenkjer på Nelly som har mista ein god ektemann og resten av familien som har mista ein far, svigerfar og farfar.
Kvil i fred Ottar.