Hopp til innhold

Opplevde tre dødsulukker ved breen på ei veke - no kjem minna tilbake

Ulukka på Nigardsbreen er ikkje den første i si rekkje. Tidlegare lensmann, Arne Kvalen, hugsar godt den fatale veka i 1986, då totalt seks personar omkom ved Jostedalsbreen.

Arne Kvalen

TRE ULUKKER PÅ EI VEKE: Tidlegare lensmann i Luster, Arne Kvalen, opplevde tre ulukker knytt til Jostedalsbreen på berre ei veke. 28 år seinare hugsar han godt korleis ulukkene prega både kommunen og resten av landet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Den tidlegare lensmannen hugsar framleis den spesielle veka for 28 år sidan. For i løpet av denne veka omkom totalt seks personar på tre ulukker på brearmane til Jostedalsbreen.

– Det var ei tragisk hending med ein dansk familie som omkom ved at porten i Nigardsbreen kalva, og det demma opp elva. Så når demningen brast så fløymde det nedover svaberget og tok med seg familien.

Tre ulukker – seks omkomne

Same veka skjedde ei anna ulukke i Bergsetdalen ved Baklibreen i Jostedalen, ein bre som ligg på eit platå fleire hundre meter over dalføret.

– Der rasa det ut store isblokker nedover dalen som ramma ein nederlandsk familie som var på veg framover til breen, fortel Kvalen.

Etter det han hugsar skjedde det også ei tredje ulukke knytt til Jostedalsbreen denne veka i 1986.

– Det var på vestsida av breen, der ein person omkom, men eg hugsar ikkje heilt kor det var, seier den tidlegare lensmannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasulukka ved Nigardsbreen.

HER SKJEDDE ULUKKA: Biletet er teke etter at Nigardsbreen kalva, og store isblokker sklei ut og fall over eit tysk ektepar.

Foto: Erik Bloemink

Minna kjem tilbake

Han fortel at det var ei krevjande veke, som sette spor.

– Det er klart at dette sette sitt preg på kommunen, og i heile landet, sidan det fekk stor merksemd. Det var trist og tragisk, og ein arbeidskrevjande periode, seier Kvalen.

Då eit tysk foreldrepar i 30-åra omkom ved Nigardsbreen søndag, kom tankane om denne veka tilbake.

– Det kjem tilbake. Ein begynner spesielt å tenke på dei etterlatne. I denne saka er det to ungar som sit att, og det er heilt forferdeleg å tenke på korleis dei har det.

– Fokus på faren både då og no

Han trur ikkje det er slik at folk har gløymt faren breane representerer, sjølv om det er lenge sidan ulukkene. Han vil heller ikkje tru at det er naudsynt med slike vekkjarar for å respektere den potensielle faren.

– Det trur eg ikkje. Den gongen var ein også merksam på faren, og det var også den gongen åtvara mot det gjennom ulike og tydlege varsel. Men det syner seg at det er enkelte som ikkje klarar å halde seg til dei sperringane som er der, seier Kvalen.