Hopp til innhold

Miniubåten avslutta søket i dag

Leitinga med miniubåt og søkehundar etter den sakna Charlotte Moene i Årdal vart avslutta onsdag - utan resultat.

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Søket etter Moene har sidan fredag vore i privat regi. Helge Rørvik, som er koordinator for den private leiteaksjonen, seier det framleis er håp om å finne Moene.

- Vi kan ikkje gje opp. Vi må prøve å få eit svar, seier han.

Fredag avslutta politiet den offentlege leiteaksjonen, men vidare leiting i privat regi vart finansiert med innsamla midlar.

Overflatesøk kvar kveld

Som ein del av den private leiteaksjonen, vart miniubåt og søkehundar sette inn. Båten var på plass på Årdalsalt på laurdag, medan likhundane har vore i aksjon sidan tysdag og onsdag. Men på grunn av at andre oppdrag ventar reiser både hundane og miniubåten frå Årdal i dag. Søket etter Moene held likevel fram.

- Vi held fram overflatesøket på Årdalsvatnet med frivillige klokka sju kvar kveld, seier Rørvik.

Skal ha møte med politiet

Kronerullinga til leiteaksjonen har samla inn over ein halv million kroner. Saman med midlane som stod i Bjørn Moens minnefond, var totalsummen oppe i over 800.000 kroner. No står det igjen mellom 200.000 og 300.000 kroner på kontoen. Desse midlane skal nyttast på vidare leiting.

- Vi skal no setje oss ned saman med politiet, folkehjelpa og andre aktørar og lage ein aksjonsplan for vi korleis vi best kan leite og utnytte dei midlane vi har. 

17 år gamle Charlotte Moene har vore sakna frå heimen sin i Øvre Årdal sidan 9. juli.