Hopp til innhold

Ministeren skal opne ny veg på E39

Bilistane har venta i snart to og eit halvt år. Den 10. desember skal samferdsleminister Marit Arnstad opne nyevegen mellom Torvund og Teigen på E39 i Høyanger.

Marit Arnstad

KJEM TIL OPNINGA: Det er samferdsleminister Marit Arnstad som skal stå for den offisielle opninga av E39 Torvund-Teigen.

Foto: Haakon Wærstad / NRK

Den smale og kronglete vegen mellom Lavik og Vadheim er no snart historie på stykket mellom Torvund og Teigen. Sidan august 2010 har anleggsfolka vore i sving med ny veg og tunnel på strekninga.

Kven som skulle stå for opninga, og akkurat kva dag det skulle skje kunne prosjektleiaren ikkje svare på i byrjinga av månaden. Men no er det altså klart.

– Det har vore litt fram og tilbake når det gjeld opningsdato, men no er det altså klart at det vert måndag 10. desember, seier prosjektleiar Sverre Måge hos Statens vegvesen til avisa Ytre Sogn.

Den nye vegstrekninga er om lag fem kilometer lang, av dette er 2,5 kilometer tunnel. Den nye vegen blir om lag ein kilometer kortare enn dagens veg. Prosjektleiaren har sjølv køyrd gamlevegen svært mange gonger under byggjeperioden og trur folk vil merke det godt når nyevegen opnar.

– Det blir som natt og dag. Det blir formidabelt for bilistane, sa Måge til NRK.no i starten av november.

Under kan du bli med på ein prøvetur på den nye strekninga.

Bli med på ein jomfrutur på ny veg!

BLI MED PÅ EIN PRØVETUR: Om nokre veker opnar den nye vegen Torvund-Teigen på E39. Her kan du få ein liten smugkikk på korleis det blir. FOTO: Alf Vidar Snæland.