Hopp til innhold

Ministeren opna brenneriet

Framfor eit hundretals inviterte gjester føretok landbruk- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) den offisielle opninga av Ciderhuset i Balestrand måndag kveld.

Eli-Grete Høivik, Lars Peder Brekk og Åge Eitungjerde

PRØVESMAKTE: Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk flankert av Ciderhus-eigarane Eli-Grete Høivik og Åge Eitungjerde.

Foto: Robert Jan Leerink

Ciderhuset i Balestrand

CIDERHUSET: I dette huset på fruktgarden til Eli-Grete Høivik og Åge Eitungjerde blir det no produsert brennevin.

Dermed har Balestrand fått sin eigen, lovlege, fruktbrennevinsproduksjon.

Får smake - ikkje kjøpe

Ekteparet Eli-Grete Høyvik og Åge Eithungjerde har i fleire år drive produksjon av saft og cider i Balholm AS, men har no endeleg fått draumen sin oppfylt, med eit eige brenneri.

Med drikke i glasa, mat på bordet og konsert med Sigrid Moldestad og Gabriel Fliflet, vart opninga feira i statsråden sitt nærvere.

Men førebels får folk berre lov å smake, ikkje kjøpe brennevinet. Elles bryt ein lova.

Det er ei problemstilling landbruksministeren vil sjå nærmare på.

Ministeren er på gli

– Eg er oppteken av at vi skal sjå på dette regelverket, men er samstundes oppteken av at vinmonopolet skal bestå. Vi skal utgreie dette, for vi ser at det kan gi auka verdiskaping i desse verksemdene, sa Brekk til NRK nokre timar før han opna Ciderhuset.

Brekk seier han ønskjer å leggje til rette for lokale utsal, viss ein finn ei form på dette som gjer at ein framleis får halde på vinmonopolordninga, innanfor EØS sitt regelverk.

– Eg har vore oppteken av å støtte opp under aktiviteten i denne typen bedrifter. Det er viktig for meg å jobbe med nye produkt i landbruket. Cider- og alkoholproduksjon utfyller anna produksjon i landbruket på Vestlandet, seier Brekk.