NRK Meny
Normal

Ministeren nøgd med russatsinga

Helseminister Bjarne Håkon Hanssen er nøgd med rusplanen til Helse Førde.

Bjarne Håkon Hanssen
Foto: Håvard Zeiner

I spørjetimen torsdag stadfesta Hanssen at det aldri var planen at institusjonen skulle starte opp i år.

Les, sjå og høyr russerien "Å leve med rus" her

Skulle ikkje starte i år

Det kom fram då venstrepolitikar Gunvald Ludvigsen frå Eid nytta høve i spørjetimen og spurte helseministeren om han er nøgd med at rusposten på Eid ikkje kjem i drift frå hausten av.

- Det var aldri intensjonen at drifta skulle starte opp inneverande år, men at hovudentreprisen skulle vere ferdig i september, sa Hanssen som svar.

Resten, ferdigstilling innvendig, og opparbeiding av uteområde skal fullførast i 2010.

- Vil opne for eit godt tilbod

For å redusere talet på gjestepasientutgiftene innan rusfeltet skal blant anna institusjonen på Eid hjelpe med dette.

Hansen sa også at dei opptrappingsplanane som Helse Vest og Helse Førde har på Tronvik, vil opne for eit godt rustilbod i eige føretak.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.