Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane av nye beitekrav

Bønder fryktar at eit nytt krav om at alle kyr må på beite åtte veker i året, kan gjere at færre vil satse på mjølkekyr i framtida.

Anders Felde, leiar i Breim Bondelag
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Produksjonen går ned, jurhelsa blir forverra, og tidsbruken for bønder går opp. Då aukar utgiftene til mjølkeproduksjonen. Samstundes har vi veldig vått areal og lite grovfôr, og det gjer det heile endå meir problematisk, seier Anders Felde.

Han er leiar i Breim bondelag. Dei fryktar det vil bli mindre satsing på mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane etter ei føresegn som kom i fjor. I den ligg nemleg eit absolutt krav til at alle kyr skal på beite, dersom bonden byggjer nytt fjøs.

Felde får støtte frå Per Hilleren, leiaren i Sogn og Fjordane bondelag. Han meiner også kravet kan gjere framtida vanskeleg for nokre bønder.

– Dette krev mykje areal til beiting, og det gir nokre store utfordringar. Den største utfordringa får kanskje dei som har dei store besetningane, seier Hilleren.

Ministeren vil sjå på kravet

Felde seier nybygging og investeringar krev relativt store besetningar. Dei meiner det er heilt urealistisk å sende alle mjølkekyrne på beite i åtte veker, særleg dersom det er meininga at dei skal satse på stordrift.

– Intensjonen er god, men vi meiner det langt på veg er ein illusjon å få det til, i alle fall på Vestlandet.

Sylvi Listhaug

LANDBRUKSMINISTER: Sylvi Listhaug har fått fleire klager, og vil sjå på saka.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Landbruksminister Sylvi Listhaug seier dei har fått fleire tilbakemeldingar på at dette kravet er urimeleg. No vil ho og departementet sjå på om dei kan gjere endringar.

– Eg er i utgangspunktet positiv til det. Eg har fått tilbakemeldingar frå næringa i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal om at dette er ei utfordring. Det kan kanskje også gjelde fleire fylke. Då meiner eg vi er nøydde til å sjå på det, og sjå på om det er grunnlag for å gjere nokre endringar, seier Listhaug.

– Eg håpar og oppfordrar ho sterkt om å ta tak i dette kjapt, så skal eg love eit brev der det står akkurat kva vi håpar ho kan gjere, seier Felde.

Vil ha dispensasjon

Bønder kan søke om unntak frå beitekravet for fjøs som er bygde før 2013, men ikkje for nye fjøs. Nye fjøs som vert sette opp i dag, vert drivne som lausdrift. Det vil seie at kyrne går fritt, et når dei vil og mjølkar seg sjølv i ein robot.

– Vi håpar vi får dispensasjon for lausdrift på Vestlandet, der vi får lov til å ha dyr inne på vanleg måte slik som mange har det i dag, seier Felde.

Felde presiserer at dispensasjonen berre vil gjelde kyr som er i produksjon, og at dei er forkjemparar for at alle dyr som ikkje står i produksjon skal ut på beite, i minimum åtte veker.

– Men hadde det ikkje vore bra for dyrevelferda at kyrne faktisk måtte kome seg ut på beitet?

– Det er mogleg. Eg meiner først og fremst at dyr som går i lausdrift et når dei vil, drikk når dei vil og går og mjølkar seg når dei vil. Dei mjølkekyrne har det bra. I ei ideell verd skulle dei kanskje gått ute i skogen og beita, men med dei store besetningane vi er i ferd med å få, meiner eg at det er eit heilt urealistisk glansbilete nokon prøver å lage.