Hopp til innhold

Kom uskadde frå busskrasj i Bremanger

Ein liten rutebuss køyrde i ettermiddag i fjellveggen ved Eikelandstunnelen i Bremanger. Det var fire personar om bord i bussen.

Svelgen

Rett før klokka 16 melder politiet at dei tre passasjerane reiste vidare med forbipasserande bilar etter uhellet. Sjåføren blei igjen på staden.

Fleire ambulansar og andre naudetatar blei sende til ulukkesstaden, som ligg rett sør for Svelgen i retning Florø.

– Det vi veit er at ein litt mindre passasjerbuss har køyrd i ein bergnabb like ved tunnelen på Eikeland, sa vaktleiar ved Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik til NRK.

Fylkesveg 614 var heilt stengd ved ulukkesstaden og det danna seg lange køar på kvar side.

Litt etter klokka 16.30 melder Vegtrafikksentralen at det er fri ferdsel forbi ulukesstaden.