Hopp til innhold

Minesveipar heim på flytedokk

Ein flytedokk vart redninga for den engelske minesveiparen "Grimsby" som har lege til kai i Måløy sidan slutten av februar.

Engelsk minesveipar i Måløy.
Foto: Bjarne Eldevik

"Grimsby" gjekk på grunn i mørke ved Skatestraumen sør for Måløy. Båten fekk ein del skadar, og kunne ikkje krysse Nordsjøen for eiga maskin.

- Vi tok ikkje sjansen på at minesveiparen kom seg over Nordsjøen med eiga hjelp, sidan fartøyet hadde relativt store skader i skroget, seier hamndirektør Ivar Håkon Olsen i Nordfjord Hamn.  

Om lag 40 mann er i arbeid for å gjere klart til avreise, og etter planen skal dei vere ferdige med jobben laurdag føremiddag.  

- Så langt har det meste gått greit. No skal fartøyet til Skottland for å bli oppgradert, seier Olsen.