Hopp til innhold

Mindreårig jente skadd i ATV-ulykke

Ei ung jente er lettare skadd etter ei ulykke med ein såkalla ATV-firehjuling i Førde søndag ettermiddag.

Ei ung jente køyrde med ei anna ung jente som passasjer. Under fart fall passasjeren av.

Begge jentene skal vere under 15 år, og det er på det reine at dei ikkje hadde lov til å køyre den motoriserte firehjulingen.

Ifølgje regelverket må ein ha førarkort dersom ATV-en kan gå fortare enn 6 km/t. For dei mindre moped-firehjulingane krevst det 16-års aldersgrense og førarkort for moped, mens dei kraftigaste variantane krev 18 år og førarkort klasse B.

Politiet etterforskar no saka.

– Det kan nok vere fristande. Men ein skal vere kritisk la så unge personar sleppe til på slike køyretøy, seier operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

AMK-sentralen i Helse Førde opplyser at den skadde jenta blir teken han om ved legevakta på Førde sentralsjukehus. Ho skal ikkje vere alvorleg skadd.