Mange kommunar her i fylket hadde håpa at Stoltenberg-regjeringa hadde lagt opp til endringar på dette området. Blant dei er Gloppen kommune, seier rådmann Martin Lygnstad.
- Vi hadde håpa på at det vart som no, men no ser det ut til at det vert ein halv million mindre enn vi hadde rekna med, seier han.
Mange ressurskrevjande brukarar
Sogn og Fjordane er eit fylket med relativt mange ressurskrevjande brukarar i forhold til folketalet. For enkelte kommunar betyr det ein auke i utgiftene når staten no vil redusere tilskotet til denne gruppa med 10 prosent. Før dekka staten 80 % av utgiftene, men frå neste år vil Stoltenberg-regjeringa berre dekke 70 % av utgiftene.
Meir til kommunane
Dette vil kommunane merke, og må bruke meir av dei frie inntektene sine til å dekke opp utgiftene dei har på dette området. I budsjettet som dei raudgrøne la fram torsdag, har regjeringa føreslått å gje 96 millionar kroner ekstra til kommunane her i fylket.
Gjev og tek
Balestrand får tre millionar ekstra, men med auka utgifter til dei som krev ekstra ressursar betyr det at regjeringa gjev med den eine handa og tek med den andre. Ordførar Erland Fagermoen er ikkje glad for at regjeringa ikkje legg vekt på slike omsyn.
- Dette var ein stor skuffelse. Det står i Soria Moria-erklæringa at regjeringa vil oppretthalde eller kanskje også auke tilskotet, så når dei går tilbake på det, så er vi skuffa, seier Fagermoen.