Sjå bilete av brannen på Førde Barneskule
Det var undervisning i bygget då brannen starta, men alle vart evakuerte og ingen kom til skade. Brannen skal ha starta i toppetasjen på det gamle trebygget, men det er førebels uklart kva som er årsaka til brannen.
Røyk og vasskadar
- Loftsetasjen der brannen starta, er totalskadd, det same er trappegangen til andre etasje, men i resten av bygget er det hovudsakleg vass- og røykskadar, fortel brannsjef Bernhard Øberg.
Øberg vurderte torsdag kveld sjansane som gode for å kunne byggje opp att den gamle barneskulen.
Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen. Skadestadsleiar Jan Egil Tvinde seier til NRK Sogn og Fjordane at det ikkje er mistanke om at noko kriminelt ligg bak.
Fredag vil takstfolk frå kommunen sitt forsikringsselskap og politiet kunne gå inn i den brannskadde delen av skulen for å finne ut meir om omfang og årsak til brannen.
Gamal kulturhistorie
Den gamle skulebygningen er ein av dei eldste og største trebygningane i Førde. Den stod ferdig i 1894, og det har vore undervisning der sidan. Sjå meir om den gamle barneskulen i Førde.