Restriksjonsområde i Sognefjorden blir utvida med 18 kilometer, slik at grensa vil gå frå Kyrkjebø og innover.
I Nordfjorden blir det halde på dei gamle sikringssonene, medan restriksjonsområdet i Dalsfjorden blir utvida med 11 kilometer. Anlegga som ligg i desse områda får halde fram med drifta, men vil bli lagt under strengare kontroll. Samstundes får ingen nye oppdrettarar konsesjon i restriksjonsområda.
Oppdrettarane likevel skuffa
Elin Tveit Sveen
Restriksjonane er ikkje så kraftige som venta, men oppdrettsnæringa er likevel skuffa over forslaget.
- Vi hadde håpa og venta at dei gamle sikringssonenen skulle bli oppheva, seier nestleiar i Vestnorsk Havbruk, Elin Tveit Sveen.