Hopp til innhold

– Dette er ekstremt alvorleg. Vi har ikkje meir å kutte på

Skatteinngangen sviktar i kommunane. Selje er ein av kommunane som er ille ute.

Selje

STÅR DÅRLEG TIL: Selje er ein av dei kommunane der skatteinntektene har svikta og har difor store utfordringar.

Foto: Stig Silden

– Skatteinngangen til kommunane er så langt i år mindre enn venta, seier seniorrådgjevar Kåre Træen hos Fylkesmannen.

For Selje kommune utgjer dette halvannan millionar kroner og dette er krevjande for kommunen.

– I tillegg kjenner vi til at Selje har store utfordringar frå før med store akkumulerte underskot som skal dekkast inn i 2014 og framover, seier Træen.

– Ekstremt alvorleg

Ottar Nygård

UROA: Seljeordførar Ottar Nygård seier dei har hamna i ein alvorleg situasjon.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Træen seier at for kommunar som i tillegg har nedgang i folketalet, blir utfordringane endå større. Selje kommune er ein av dei som har størst utfordringar.

Setjeordførar Ottar Nygård er uroa over situasjonen dei har hamna i.

– Dette er ekstremt alvorleg. Eg trur Selje kommune er den som har den vanskelegaste økonomien og dei største utfordringane, seier Nygård.

Trur samarbeid er løysingar

Han seier dei alt har lagt ned skule og barnehage på Ytre Stadlandet, og brukt ostehøvelen grundig på alle sektorar.

– Vi har ikkje meir å kutte på og det trur eg Fylkesmannen er smerteleg klar over. Eg ser ikkje anna enn at Fylkesmannen må vurdere ekstra skjønsmidlar for å kompensere på den situasjonen vi er oppe i.

Dersom Selje i framtida skal kunne gje tenester på line mad andre kommunar i landet, ser Nygård berre to vegar.

– Anten må vi få høgare løyvingar eller så må vi inn i eit kommunesamarbeid eller samanslåing som kan kompensere for det, seier Nygård.