Hopp til innhold

Hadde meir å rutta med i 1.divisjon

Sogndal-trenar Harald Aabrekk meiner han har mindre pengar å bruka på spelarar no enn han hadde då laget var i 1. divisjon.

Harald Aabrekk
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Aabrekk opplever at budsjetta hans til spelarlønn blir kutta, samtidig som klubben planlegg store investeringar i ein ny storskjerm på stadion.

– Vi disponerte jo eit høgare lønnsbudsjett inn mot sesongen i fjor enn vi gjer inn mot eliteserien. Ein halv million ned no. Det er rett nok lagt inn ein mulegheit for ein halv million i sommarvindauga, men inn mot seriestart disponerar vi mindre enn vi gjorde i fjor, seier Aabrekk.

Innrettar seg

Sogndal kutta over fire millionar kroner i den sportslege satsinga ved inngangen til forrige sesong. No meiner Aabrekk at han reelt sett får endå mindre å bruka på spelarar - når han førebur seg på kampen for å overleva på øvste nivå.

– Eg innrettar meg sjølvsagt til budsjettet som er lagt opp av administrasjonen og har ingen problem med det, seier Aabrekk.

(Saka held fram under bilete)

Sogndal-spelarar fornøgd med seier

SIGER: Sogndal håpar på mange sigrar i eliteserien sjølv om budsjettet er mindre enn det mange andre har. Her etter 3-0 siger mot Mjøndalen i fjor.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mange millionar på storskjerm

Det at det skal brukast nokre millionar på blant anna storskjerm kommenterar han på denne måten:

– Ja eg er utruleg imponert over det ein får til her med både anlegg og storskjerm, det må eg seia. Det må vera artig å jobba i administrasjonen og få til slike ting. Blir nesten litt misunneleg, seier Aabrekk.

Rett disponering

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal, meiner det er rett disponering av pengane.

– Det klubben har gjort i tredve år med tanke på å byggja både treningsfasilitetar og campus er ein vesentleg årsak til at vi igjen spelar tippeliga, i tillegg til det Harald og Trond og resten trenarteamet og ikkje minst laget presterte i opprykkssesongen i fjor, seier Mundal.

Ei investering

Egil B. Mundal på Fosshaugane

INVESTERING: Dagleg leiar Egil B. Mundal meiner at ein ikkje kan samanlikna drift og investering.

Foto: Arve Uglum / NRK

Han forsvarer beslutninga om å bruka 2,5 til tre millionar på ein storskjerm, samtidig som laget møter eliteserien med eit sportsleg budsjett som er mindre enn halvparten så stort som budsjetta til dei aller fleste konkurrentane.

Mundal meiner ein ikkje kan samanlikna drift og investering.

– Det er jo ikkje sånn at me i staden for å byggja campus kunne brukt eit par hundre millionar på spelarar. Det hadde heldigvis ikkje Sparebanken Vest tykt var nokon god idé heller, seier Mundal.

Han meiner storkjermen vil utfylla stadion, og vil gjera at Sogndal får ein stadion som kan vara i mange år.

- I tillegg er det ei investering som er gjort med det utgangspunkt å vera lønnsam, seier Mundal.

Midlar tilgjengeleg

Han vil ikkje kommentera direkte om Aabrekk faktisk har mindre å rutte med no enn før, men seier det er midlar tilgjengeleg - om dei rette spelarane dukkar opp.

– Nå har vi nok ikkje brukt meir på spelartroppen så langt i år samanlikna med i fjor, men det er fortsatt att midlar både til dette overgangsvindauga og i sommar. I forhold til dei behova som sporten kjem med føler eg at vi prøver så langt det let seg gjera innanfor dei rammene Sogndal Fotball meiner er forsvarleg, avsluttar Mundal.

Fosshaugane Campus

FOSSHAUGANE CAMPUS: Planane er ein storskjerm til 2,5 til tre millionar kroner.

Foto: Marit Hommedal, Nyhetsspiller / SCANPIX