Hopp til innhold

Direktør i Innovasjon Noreg: – Reiselivsmeldinga byr ikkje på så veldig mykje nytt

Den første reiselivsmeldinga sidan 1999 vart lagt fram i Tromsø i dag.

Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge

DIREKTØR: Innovasjon Noreg og Halvor Flatland får behalde ansvaret for reiselivet i Noreg, skriv regjeringa i den nye reiselivsmeldinga.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

Det er 17 år sidan sist ei regjering gav ut ei melding om kva retning dei ynskjer reiselivet skal ta.

Men det var ikkje noko revolusjonerande i meldinga næringsminister Monica Mæland la fram i dag, seier direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland.

– For det første er det bra at det kjem ei reiselivsmelding no. Det er med å heve statusen på denne viktige næringa. Men så er det kanskje ikkje så mykje nytt i den. Det er nokre få nye ting, men for det meste er det presisering av ting vi kjenner frå før, seier Flatland.

Næringsminister Monica Mæland

NÆRINGSMINISTER: Monica Mæland la fram reiselivsmeldinga i Tromsø. Det er den første sidan 1999.

Foto: MARIT EILERTSEN / NRK

Næringsministeren sjølv trekk fram kutt i formuesskatten for hotell og overnattingsstader som eit viktig punkt, og det held innovasjonsdirektøren med ho i.

Her kan du lese samandraget av meldinga:

Kan vere bra for familieeigde hotell

– Det blir mindre skatt for dei som driv hotell og overnattingsstader. Bygningane er ofte maskina i reiselivet. Mange hotell er store bygg, som er verdifulle. Men det er verdiar du har i bygg, og ikkje i banken, sa næringsminister Monica Mæland om meldinga.

Tanken er at overnattingsbedrifter skal sleppe å hente ut verdiar frå verksemda for å betale skatt. Skattekutta vil dei få til ved å auke verdsettelsesrabatten.

– Vi har mange familiedrivne hotell i fylket, så det vil heilt sikkert ha positiv verknad på deira økonomi, meiner Halvor Flatland.

For Gloppen hotell er det ei gledesmelding.

– For meg betyr det at eg kan tenke meir langsiktig. Eg slepp å selge ut, men kan utvikle, pusse opp og tenke langsiktig, fortel Preben Moen.

Han er ny i jobben som administrerande direktør ved Gloppen hotell.

– Eg vil tru at dette vil generere fleire ansette på landsbasis og hotella som er att som er familieeigde, meiner Moen.

Ikkje imponert

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (AP) er ikkje vidare imponert over regjeringa si melding.

– Eg ser ikkje at skattelette fører til så mykje vekst. Det kan like gjerne føre til at det blir flytta meire pengar frå drift til eigendom. Kanskje i kombinasjon med andre tiltak, men ikkje aleine, meiner Heggø.

Ho saknar meir konkrete tiltak i planen.

– Eg hadde håpa regjeringa kunne lagt fram litt meir konkrete tiltak slik at vi kunne gitt turistnæringa ei skikkelig dytt. Det kan ikkje eg sjå noko i meldinga som underbygger, seier Heggø.

Gloppen Hotell

DISTRIKTSHOTELL: Hotell og overnattingsstader kan få lette i formueskatten om regjeringa får det som dei vil. Men: det må bli vedtatt i budsjett til hausten, så det er opp til regjeringa som sit ved makta etter valet å bestemme om det blir slik.

Saknar meir pengar til reiselivsforsking

Direktøren i Innovasjon Norge leier sjølv ei gruppe som jobbar med kompetanseutvikling og forsking innan reiseliv her i fylket.

I forkant av meldinga håpa han det skulle kome meir ressursar til kunnskapsbygging.

– Det vart sett av fire millionar ekstra til forsking i 2017, og det er lite pengar. Det er det vi brukar i Sogn og Fjordane, berre på det vi forskar på her, seier direktøren.