NRK Meny
Normal

Mindre av dette på middagsbordet gjer ernæringsfysiologen skeptisk

Fisk blir sjeldnare og sjeldnare å finne på menyen i norske heimar. Det gjer ernæringsfysiolog Camilla Laukeland skeptisk.

Fiskedisk

HØGE PRISAR: Fisken blir stadig dyrare. Laksen har auka 42 prosent i pris. – Slik prisauke er uheldig og det tek laksen opp på nivå som norske forbukarar ikkje har vore vande med, seier Øyvind Kråkås i Havbrukspartner, med base i Bergen.

Foto: Jorun vang / NRK

– Har ein ikkje fisk i kosten, så vel ein ofte andre ting som gir oss meir av næringsstoffa vi ikkje vil ha så mykje av, seier Camilla Laukeland, ernæringsfysiolog i Helse Førde.

Et mindre fisk

Camilla Laukeland

RÅD: – Et variert, ha fisk fleire gonger i veka og gjerne nokre gonger feit fisk som sild og makrell. Få ein god variasjon på kosthaldet saman med grovt brød, grønsaker og frukt og bær, er rådet til Camilla Laukeland.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Den populære middagsmaten som sym i hav og vatn rundt oss er rik på mange næringsstoff. Fisk er ei god kjelde for både protein, fleirumetta marine n-3-fettsyre, vitamin D, vitamin B12, selen og jod.

Men salet av fisk går kraftig ned. I fjor med 15 prosent. Siste fem åra har konsumet gått ned med 26 prosent.

– Det gir oss dårlegare varisajon i kosten og kan føre til at vi ikkje får i oss næringsstoffa vi treng, seier Laukeland.

Nær dobla lakseprisar

Hans Ottar Humborstad

FORSIKRAR: Hans Ottar Humborstad forsikrar at lågare prisar betyr meir laks på middagsbordet. – Heilt klart. Laks er ein god fisk, som er god på smak og god for kropp og sjel, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ein av mange som et mindre fisk enn tidlegare, er trebornspappa Hans Ottar Humborstad frå Eid. Før hadde familien ofte fisk på bordet, og då spesielt laks.

Med nær dobla lakseprisar i fjor, og nær 300 kroner kiloen for laks, blir det ofte andre ting til middag.

– Det blir eigentleg alt mogleg anna. Ein tyr fort til pølser og ferdigprodukt, som er rimelegare, vedgår Humborstad.

Lakseprisen påverkar

Øyvind Kråkås i konsulentfirmaet Havbrukspartner fortel at det er særskilt folk under 34 år som et mindre fisk.

Han meiner lakseprisen er sterkt medverkande til at konsumet på fisk går ned.

– Det er synd, for laksen har vore ein viktig drivar for nordmenn sine fiskevaner. Redusert omsetnad av laks betyr diverre at folk et mindre fisk. Det er veldig uheldig, seier Kråkås.

Auka risikoen

Sett frå eit folkehelseperspektiv, kan ikkje ernæringsfysiolog Laukeland vere anna enn samd.

– Ved å ete mindre fisk, og heller meir ferdigmat og kjøtprodukt, så ser ein på sikt ei vridning i retning av kosthald som aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar og diabetes.

Ho er også uroa for korleis utviklinga påverkar matvanane til born.

– Det ein er vand med frå oppveksten tek ein med seg vidare i livet, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune