Hopp til innhold

Mindre fat, mindre mat: – Magen blir ofte mett før auga

SOGNDAL (NRK): Storleiken på fata har mykje å seie for om du klarer å ete opp maten du hentar på hotellbufféen.

Kjøkkensjef Vidar Liljedahl på kjøkkenet Quality hotel i Sogndal

MINDRE FAT, MINDRE MAT: Kjøkkensjef Vidar Liljedahl på Quality Hotell Sogndal seier mindre tallerkenar har vore svært effektivt.

Foto: Steffen Furehaug Hovland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det meiner dei i alle fall på Quality hotell Sogndal. Der merka dei stor nedgang i matsvinnet etter dei bytta ut store fat med mindre.

– Magen blir ofte mett før auga, seier Vidar Liljedahl. Kjøkkensjefen på Quality Hotel Sogndal har sett mange hotellgjestar lesse på fatet i hotellbufféen.

Liljedahl fortel at dei merkar stor forskjell på kor mykje mat dei kastar frå buffeen samanlikna med når gjestane får ferdige porsjonar frå kjøkkenet.

– Det ligg att mykje matrestar på fata når folk forsyner seg sjølv.

Tidlegare i veka kunne ein lese at Sundvolden hotell ber gjestane om å ete opp maten sin for å minske matsvinn.

På Quality Hotel Sogndal har fat av mindre størrelse vist seg å vore løysinga.

– Det har vore veldig effektivt. Når folk heller må gå og forsyne seg fleire gonger blir det mindre svinn, seier Liljedahl.

Sterkare enn seksualdrifta

Ernæringsfysiolog Tine Sundfør Mejlbo jublar over tiltaket med mindre tallerkenar.

– Dette er veldig positivt! Sjølvsagt for miljøet, men òg for folkehelsa. Mindre tallerkenar kan gjere at folk heller forsyner seg fleire gonger, og dermed får tid til å kjenne etter om dei eigentleg vil ha meir mat.

Tine Sundfør

KJEMPEPOSITIVT: Klinisk ernæringspsykolog Tine Sundfjør Mejlbo meiner mindre tallerkenar er eit flott tiltak.

Foto: Anita Sælø

Ernæringsfysiologen forklarar at det problemet med at magen blir mett før auga, faktisk er enkel psykologi.

– Når me ser mat som fristar oss, får me lyst til å ete alt. Det er ein veldig sterk drift i oss å ete, kanskje det einaste som er sterkare enn seksualdrifta vår, seier Sundfør Mejlbo.

– Fråts gjerne, men et opp maten

Cathrine Dehli er bærekraftansvarlig i Nordic Choice Hotels, kjeda som er ansvarleg for Quality Hotell Sogndal. Dehli fortel at det å innføre mindre tallerkar på alle hotella deira er eit tiltak for å vera meir miljøvenlege.

– Ein studie frå USA viste at folk forsynte seg med mindre mat viss dei fekk mindre tallerkenar, så me henta inspirasjon frå den. Det viste seg å vera effektivt.

Tiltaket med mindre størrelse på tallerkenane, har redusert matavfallet med om lag 19 prosent per gjestedøgn.

– Men me håper å kome oss endå lenger ned i framtida, helst på null, seier Dehli.

Får positive tilbakemeldingar

Dehli kjenner ikkje hotellgjestar som er misnøgde med mindre tallerkar, og håpar dei har forståing for kvifor dei gjer tiltaka.

– Alle hotellgjester er sjølvsagt velkomne til å ete så mykje dei vil, men det er viktig at dei et opp maten sin.

På Quality Hotel Sogndal fortel kjøkkensjef Vidar Liljedahl at gjestane er glade for mindre fat.

– Me har faktisk fått mykje positiv tilbakemelding frå stamgjestane våre. Dei synest det er flott at me tenker på miljøet.