Hopp til innhold

Mindre data - meir bøker

Og elevane tykkjer det er heilt topp.

Skolebøker

Skulebøker er inn.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Eg tykkjer det er mykje lettare å læra av bøker enn internett. seier Karoline Nydal.

- Og så kan ein få migrene ved å sitja med dataen. Det har eg problem med, så eg likar bøker mykje betre, skyt Malin Haugland til.

Mange ankepunkt mot det digitale

Data

PCen er ut på dei Vidaregåande skulane

Foto: Odd Rømteland / NRK

Dei er elevar på Hafstad Vidaregåande skule. Dei og alle medelevane deira var glade for at det vert mindre digital undervisning dette skuleåret.

Hafstad gjekk i bresjen med å kutte ut lærebøkene i norsk,kroppsøving,naturfag og samfunnsfag for 1.klassingane i fjor.

Men det vart raskt sterk misnøye både frå elevar og lærarorgaanisasjonar.
Og i år er det berre kroppsøvingsfaget som vert utan lærebøker,seier rektor Grete Øren.

- Mellom anna var det dårleg struktur på ei del av lærestoffet digitalt. Det var dårleg nynorsk språk. Mykje lærestoff må lesast digitalt, og det vart anstrengande for elevane. Og det var vanskeleg å finna fram til stoffet, til dømes i samband med prøver og eksamen.

Vil ikkje gje opp PC-en

Bekka Skaasheim

fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkesdirektør for opplæring,Bekka Skaasheim,vil ikkje stogge bruken av digitale læremiddel,og seier at kvar einskild vidaregåande skule avgjer dette sjølve.

- Me vidarefører den PC-ordninga som Fylkestinget har vedteke. Denne ordninga føreset at ein skal kombinera trykte og digitale media i opplæringa.