NRK Meny
Normal

Millionsum etter verftulukke

Ein mann i 50-åra som tidlegare jobba ved Kleven Florø er tilkjent over 2,1 millionar kroner i erstatning etter ei arbeidsulukke på verftet for elleve år sidan.

Aker Yards Florø
Foto: NRK

Mannen fekk ei stund etter ulukka store smerter og kunne ikkje halde fram å arbeide. No må forsikringsselskapet Vesta altså ut med millionerstatning til mannen.

 

Fall ned i eit hol

Det var under arbeid i ein stålmodul på skipsverftet i august 1995 ulukka skjedde. Mannen fall ned i eit hol, og vart liggande forvridd, med eine foten nedi holet, og den andre foten over. Like etter vart han frakta til sjukehus med sterke smerter i ryggen. Røntgenbileta påviste ikkje store skader, men likevel var smertene så store at han ikkje kunne reise seg.

Måtte slutte på Kleven

Etter å ha vore sjukmeld i to veker starta mannen, som no er i 50-åra på nytt i arbeid, men på slutten av 90-talet auka smertene i ryggen igjen. Han slutta hjå Kleven Florø og fekk seg tilrettelagt arbeid hjå ein annan arbeidsgjevar. Etter å ha vore langtidssjukmeld frå april 1999, vart han 100 prosent uføretrygda frå 2000.

- Ikkje samanheng, meiner Vesta

Mannen la i retten vekt på at han ikkje hadde smerter i ryggen før ulukka, medan Vesta meinte det ikkje var samanheng mellom smertene og ulukka. Retten la ikkje vekt på ein legespesialist som meinte ryggsmertene ikkje kunne knytast til ulukka. I dommen står det skrive at kvaliteten på arbeidet til spesialisten viser store manglar.

Retten sette altså erstatningssummen til over 2,1 millionar kroner, i tillegg til sakskostander på 200.000 tusen kroner. Personen sjølv ynskte i går ikkje å kommentere dommen, og ingen av advokatane i saka var tilgjengelege for kommentar. Dommen kan ankast, men det må skje innan ein månad.

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå