Hopp til innhold

Millionrekning etter ras

Det vil koste opp mot 2 millionar kroner å rydde opp etter raset på riksveg 15 i Skredestranda. Det kan få konsekvensar for andre prosjekt.

Bil mellom to ras på Skredestranda

DRAMATISK: To bilar med til saman fire ungdomar hamna mellom to jordskred då det rasa langs Skredestranda tidlegare i mars.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Margot Aase Åsebø

TRENG PENGAR: Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Margot Åsebø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Raset som gjekk i starten av månaden øydela stikkrenner, fiber og straumkablar og fleire hundre meter med asfalt og rekkverk.

Fanga to bilar

– Vi trur vi kan komme opp i halvanna til to millionar kroner, med alt arbeidet som er blitt gjort og som må gjerast i tida framover, opplyser seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

To bilar med til saman fem personar vart sitjande fast mellom to ras på vegen mellom Nordfjordeid og Stryn natt til søndag 8. mars. Enorme nedbørsmengder utløyste dei to jord- og snøskred på berre få meters avstand.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Helikopterbilde av rasområdet på Skredestranda.

Mykje arbeid står att

Åsebø seier eit omfattande oppryddingsarbeid må til.

– Vi har fjerna rasmassane og fått lagt ut ny mellombelse fiber- og straumkablar til tunnelane. Vi har sett opp nytt rekkverk, og seinare må vi også legge ny asfalt og skifte ut stikkrenner som vart øydelagde av raset.

Også i 2013 gjekk eit stort ras i Skredestranda. Den gongen kosta oppryddingsarbeidet 4 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ras Skredestrand

STARTA SOM SNØSKRED: Oversiktsbiletet viser korleis snø- og jordmassar har følgt fjellsida ned mot Hornindalsvatnet.

Foto: Statens vegvesen

Treng midlar

No håpar seksjonsleiarane på ekstraordinære rasmidlar, viss ikkje kan andre prosjekt som står i kø, få lide.

– Det er klart at vi har ikkje meir midlar enn vi får tildelt. Det hender vi kan få tilleggsløyvingar ved slike hendingar, men viss vi ikkje. så blir det kutt på andre område.

– Kan ein i dag seie noko om kva område?

– Det er for tidleg å seie, men det er klart at det er andre ting som kanskje må lide når vi får så store kostnader i samband med slike ras, seier Åsebø.