– 95 prosent av skogen me høgg i Sogn og Fjordane, går med båt til Tyskland eller Sverige, og då må me ha store tømmerkaiar. Her i Sunnfjord leverer vi til to kaiar, i Eikefjord og Vadheim i Sogn, men begge er for små og kronglete, seier Martin Braanaas Kleppe som er dagleg leiar i Sunnfjord Skog.
Kleppe står i skogen i Bygstad medan motorsagene og hogstmaskinene hans går for fullt. Høg aktivitet er det òg mange andre plassar i Sogn og Fjordane om dagen. For å få ut rekordmengdene med tømmer, er det planar om å byggja ut tømmerkaiane i Eikefjord og Vadheim for over 25 millionar kroner til saman.
For grunn kai
Lengst er planane komne i Eikefjord. Der ønskjer Flora skogeigarlag, i samarbeid med Sogn og Fjordane skogeigarlag, å byggja ut dagens tømmerkai, slik at lengda på kaifronten blir dobla, til oppunder hundre meter.
Det vil kosta minst 16 millionar kroner. 75 prosent håpar skogeigarlaga å få frå regjeringa, dit dei sender ein søknad i midten av april. Resten må dei betala av eiga lomme, skaffa frå regionale fond eller få lånefinansiert på anna vis.
– Eikefjord ligg sentralt for store delar av Sunnfjord, der det er - og vil koma - store mengder tømmer. Problemet har vore at der er for grunt til at dei større båtane kan leggja til og lasta når det er utfjøra. Ved å byggja ut og byggja over undervasskjæra løyser me det problemet, seier Ingunn Kjelstad, dagleg leiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag.
Storkai i Kaupanger
Måndag opna landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) ein ny stor tømmerkai i Kaupanger, den fyrste av i alt fem kaiar frå Namsos i nord til Vindafjord i sør som skal stå klare i løpet av neste år.
– Regjeringa løyver 22 millionar kroner til nye tømmerkaiar i 2015. Dette er ei næring me satsar på, fordi ho har stort potensial, til både å skapa distriktsarbeidsplassar og store verdiar, sa Listhaug på måndag.
Kaien i Kaupanger er 96 meter lang og har plass til 3000 kubikkmeter tømmer på kaifronten, noko som tilsvarar 100 tømmerbillass.
- Les også: Opna ny tømmerkai etter rekordhogst
Planar i Vadheim
I Vadheim har Høyanger kommune, gjennom det 100 prosent kommunalt eigde Hjetland Industripark, planar om å utvida dagens tømmerkai tilsvarande. Kommunen er ikkje komen like langt som i Eikefjord, men kan like fullt koma til å søkja regjeringa om pengar allereie i år. Prislappen for prosjektet skal liggja rundt 10 millionar kroner.
Vadheim-kaien har ei gunstig plassering, meiner Kjelstad.
– Han ligg nær europaveg 39 og har god avstand til det tømmeret som står i Gaular, Fjaler, Høyanger og Balestrand.
I Sogn og Fjordane blei det i fjor teke ut fem gonger meir tømmer enn for berre tre år sidan. Og ein er truleg berre så vidt byrja på ein 20-årsperiode der mykje av skogen i fylket kjem til å bli hogstmogen. Blir han ikkje hoggen i tide, kjem han til å rotna på rot.
Stor vekst
Tilbake i skogen i Bygstad blir granstokk etter granstokk blir raskt kvista og kappa i høvelege lengder av hogstmaskina til Martin Braanaas Kleppe. Då Kleppe starta Sunnfjord Skog i lag med ein kompis i 2012, var dei to tilsette. I dag er dei fem. I Sogn og Fjordane har det totalt kome 26 nye arbeidsplassar i skogbruket dei siste par åra.
I løpet av våren får Kleppe to flunkande nye hogstmaskiner til 7 millionar kroner kvar, og i løpet av neste år må han truleg tilsetja fleire. Større tømmerkaiar i Eikefjord og Vadheim er difor godt nytt for han.
– Eg håpar verkeleg dei får til fleire kaiar i fylket vårt. Det hadde vore ei stor hjelp økonomisk både for skogeigarane og oss entreprenørane.