Safari skal levere til dei seks Statoil-plattformene som ligg vest av Sogn og Fjordane. Firmaet har vore utan Nordsjøkontakt sidan 1998, og det er difor ein gledens dag, seier dagleg leiar Atle Hollevik i Safari.
- Vi er veldig glade for at vi har fått denne kontrakten. Det betyr nye arbeidsplassar i Florø og det er veldig viktig i desse dagar, seier Hollevik.
Kontrakt i tre år
Det er grossistkjeda Servicegrosisstene, der Safari er med, som har fått kontrakten. Kontrakten er verd 470 millionar kroner, og av dette fell om lag 250 millionar på Safari i Florø. Kontrakten gjeld for tre år, og kan forlengast med ytterlegare tre år.
Hotelldrift
Safari skal levere alt det som trengs for å drive hotell i Nordsjøen, det vil seie alt innan kjøtvarer, meierivarer, frukt og grønt og vaskemiddel.