Hopp til innhold

Millionkamp for Sogndal

SOGNDAL (NRK): Millionar stod på spel då Sogndal med eit naudskrik haldt Eliteserie-draumen i live på overtid.

1. divisjon fotball 2018: Sogndal - Aalesund.

JUBEL: Sigurd Haugen skaut Sogndal vidare.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Med siger i skjebnekampen mot Ull/Kisa på søndag, er Sogndal eit steg nærare å eta kirsebær med dei store i 2019 – og ikkje minst ein romslegare pengesekk.

Skilnaden på å vera det beste laget i OBOS-ligaen og det dårlegaste i Eliteserien, er opp mot fire millionar kroner i TV-avtalen og ligasponsorar.

Nedrykk i eliteserien gir 10 millionar

Det er Norsk Toppfotball som fordeler pengane etter ein modell klubbane sjølv har valt. Pengane er frå ligasponsorar og TV-rettane til kampane.

– Om Sogndal hadde hamna på 1. eller 2.-plass i årets OBOS-liga, hadde dei fått mellom seks og sju millionar kroner brutto. Til samanlikning får det dårlegaste laget i årets eliteserie om lag 10 millionar kroner, seier Ine Hope Karlsen, økonomisjef i Norsk Toppfotball.

Sogndal kom på 4.-plass i årets OBOS-liga, så dermed er dei eit lite stykke unna summane topplaga blant dei nest beste får. Dei endelege utrekningane på kor mykje kvar enkelt klubb får blir gjort etter eliteserien er ferdigspelt laurdag.

– Verre for andre klubbar

Yngve Hallén

STYRER BUTIKKEN: Yngve Hallén, dagleg leiar i Sogndal Fotball AS.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Forskjellen er ikkje så drastisk for oss som for mange andre klubbar, seier Yngve Hallén som er dagleg leiar i Sogndal Fotball AS.

Fotballklubben Sogndal Fotball eig eigedomsselskapet Sogndal Fotball AS, som utviklar Campus Sogndal. Under der att eig dei også Idrettssenteret, treningssenteret på Fosshaugane.

Sogndal Fotball har om lag 50 millionar kroner i budsjett denne sesongen. Tek ein med AS-et og Idrettssenteret er det over 100 millionar totalt.

I klubben er det eigne sponsorar og arrangement som Lerum Cup som er dei største inntektene. Dei inntektene held seg også relativt stabile, uavhengig av om dei rykker opp eller ikkje.

– Mediepengane er om lag ti prosent av inntektene til klubben. I heile konsernet utgjer mediepengane om lag fem prosent, seier Hallén.

– Men det er betydelege pengar, og det er mediepengane som svingar om me rykker opp eller ikkje. Men våre eigne sponsorar er klar over at Sogndal er eit lag som skal satsa når me er nede, slik at me kjem raskt opp att, held han fram.

Fosshaugane Campus, kampen mellom Sogndal og Ull/Kisa
Foto: privat

Ull/Kisa er første hinder

Søndag er ein eitt steg nærare svaret på kva budsjett Sogndal får til neste år. Vinn dei mot Ull/Kisa, ventar vinnaren av kampen mellom Aalesund og Nest-Sotra. Vinnaren der møter laget som kjem på 14.-plass i Eliteserien.

– Me må gje alt me kan. Me må brenne for drakta og laget. Det betyr å knuse til i alle duellar og vise at me verkeleg vil det her. Alle i garderoben brenn for å komme tilbake i Eliteserien, sa kapteinen i Sogndal, Mathias Dyngeland då kvalifiseringsspelet var sikra.