Bakken på Utvikfjellet er for liten. Arkiv NRK.
Utvikfjellet har eit startpunkt på 600 meter over havet, og det gjer at vi har rikeleg med snø der, fortel styreleiar Jon Bjørn Fløtre.
Lenger trasé
Den nye skitrekktraseen på Utvikfjellet skal flyttast mellom femti og hundre meter mot sør og skal forlengast frå 600 til 900 meter med fleire alternative nedfartstrasear.
Breimsbygda skisenter Utvikfjellet som er eigd av Breimsbygda idrettslag og kommunane Gloppen og Stryn, har i ei årrekkje profilert seg som eit familieanlegg, og utvidinga er i tråd med dette, seier Jon Bjørn Fløtre. Problemet er at bakken er for kort, og det fører til lange køar ved heisane.
Reknar med fylkeskommunal støtte
Det er planlagt å finansiere utbygginga med tippemidlar, eigenkapital, dugnadsinnsats og lån i bank. I tillegg håpar styreleiaren på tilskot frå fylkeskommunen.
– Fylkeskommunen gav pengar til Bjørkelia som tilliks med oss er eit regionanlegg, så da reknar eg det som sjølvsagt at dei også går inn på Utvikfjellet, seier Fløtre.
Dersom finansieringa går i orden håpar styreleiar Jon Bjørn Fløtre at arbeidet vil starte til sommaren.