NRK Meny
Normal

Statens vegvesen og underentreprenør får millionbot etter dødsulukke

Entreprenørverksemda KA Aurstad og Statens vegvesen er begge pålagde bot etter dumparulukka på Dalsfjordsambandet i januar i fjor.

Søk etter sakna dumperførar i Dalsfjorden.

SØK: Det vart sett inn ubåt i søket etter den omkomne dumparføraren.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein 25 år gamal mann frå Ørsta omkom då dumparen hans hamna i fjorden 21. januar i fjor .

No er arbeidsgjevaren hans, Ørsta-verksemda KA Aurstad, pålagd ei bot på ein million kroner. Dei må også betale 100.000 kroner i erstatning til kvar av foreldra til mannen.

– I første omgang handlar det om sikring av snuplassen, og at ein i Helse, Miljø og Sikkerheits-planen ikkje hadde sett i verk rutinar på korleis snuinga skulle gå føre seg, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.

Ikkje sperringar

Jørn Lasse Refsnes

POLITIADVOKAT: Jørn Lasse Refsnes seier både underentreprenør KA. Aurstad og byggherre Statens vegvesen blir stilt til ansvar for dødsulukka under arbeidet med Dalsfjordsambandet i fjor vinter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

KA Aurstad var underentreprenør i anleggsarbeidet. Det var ingen vitne til sjølve ulukka, men politiet meiner 25-åringen kom for langt ut på kanten under snuing og då brasa utfor. Arbeidet på anlegget vart ein periode stogga som følgje av ulukka .

Politiet har samarbeidd tett med Arbeidstilsynet under etterforskinga og påtaleavgjerda. Det var ikkje fysiske sperringar som hindra køyretøy å hamne i fjorden.

– Det var etter påtalemakta og politiet sitt syn ein relativt stor risiko for at det kunne ei ulukke der i form av utforkøyring, seier Refsnes.

Arbeidstilsynet lukka

Administrerande direktør i KA. Aurstad, Per Kristian Langlo, seier i ein knapp kommentar at dei er overraska over bota.

– Etter ulukka vart vi granska av Arbeidstilsynet. Dei lukka saka utan pålegg for over eitt år sidan. Vi er difor overraska over politiet sin konklusjon, og at det har teke over 1,5 år i sakshandsamingstid, seier Langlo.

– Vi har enno ikkje teke stilling til kva vi gjer vidare i denne tragiske saka. Uansett kva som skjer vidare, er denne ulukka ei stor belastning for alle involverte partar, held han fram og seier at dei ikkje ynskjer å kommentere saka ytterlegare.

Får 500.000 kroner i bot

Ulukka skjedde på Statens vegvesen sitt anleggsområde, og hadde byggherreansvar. Difor meiner påtalemakta at heller ikkje dei skal frikjennast for ulukka.

– Som byggherre har ein ansvar for å passe på at arbeidsmiljøet er forsvarleg, men då gjerne meir indirekte enn det ein arbeidsgjevar har, seier Refsnes.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Dumparen som hamna i Dalsfjorden i går, blei i dag funnen på 230 meters djup, men den 25 år gamle føraren e framleis sakna. Dalsfjordsambandet har så langt vore råka av fem arbeidsulukker. Og entreprenøren vedgår at ulukkesstaden ikkje var sikra.

SJÅ TV-SAK: Dumparen vart lokalisert på 230 meters djupne i Daslfjorden.

Vegvesenet er pålagde 500.000 kroner i bot. Bøtene er gjevne i samråd med Arbeidstilsynet.

– Det går særskilt ut på at dei risikoar som er på eit anleggsområde, skal vere omhandla i planverket for prosjektet. Denne var mangelfull og det var ikkje gjort vurderingar og tiltak knytt til risikoen for utforkøyring, seier Refsnes.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde hos Statens vegvesen seier til NRK.no at dei ikkje har fått gått igjennom bota og at dei difor ikkje kan kommentere den.

Ikkje tiltale

Politiet har ikkje funne grunnlag for å ta ut tiltale mot enkeltpersonar i tillegg til føretaksbøtene.

Refsnes seier dette er ei konkret vurdering dei gjer i kvar enkelt arbeidsmiljøsak.

– I nokre saker er leiinga tett på den daglege drift og tett på risiko som står i fare for å realisere seg. Då vil ein fort hamne i personleg ansvar. I større verksemder er det større avstand frå leiing og ned på dei enkelte arbeidsoperasjonane og risikoane som då vanskelegare å peike på konkrete enkeltpersonar og seie at den og den skulle handla annleis, seier Refsnes.

Krevjande sak

Politiadvokaten legg til at det har vore ei krevjande sak å etterforske, fordi det ofte er fleire aktørar på eit slikt anleggsområde.

– Det er eit komplisert regelverk, ein har ulike roller som hovudentreprenør, underentreprenør, byggherre og så vidare. Då kan det vere krevjande å plassere ansvaret hos dei rette, seier Refsnes.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser