NRK Meny
Normal

Millionauke til lokale museum

Musea i Sogn og Fjordane kan plusse på 1,5 millionar i budsjettet for 2010. Og regjeringa vil løyve ein halv million til Opera Nordfjord.

Tun på Sogn folkemuseum

AUKA TILSKOT: Sogn Folkemuseum får saman med dei andre musea i Sogn og Fjordane eit auka tilskot på 1,5 millionar kroner kommande år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Regjeringa aukar tilskotet til musea i Sogn og Fjordane med 1,5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2010.

Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum er no konsoliderte i eininga Musea i Sogn og Fjordane.

Halv million til operaen

Tilskotet til Opera Nordfjord aukar med 500.000 kroner til 2,9 millionar kroner, som mellom anna skal styrkje den kunstnarlege verksemda.

Sogn og Fjordane Teater vil få ein auke i tilskotet på 1,5 millionar kroner. Tilskotet for 2010 vil bli i underkant av 15,8 millionar kroner.

Totalpott på 47 millionar

Tilskotet til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er auka med 100.000 kroner, og kan då bli på 4,1 millionar kroner i 2010.

Den totale løyvinga over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett til Sogn og Fjordane i 2010 er på 47,3 millionar kroner.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast