Millionar til tryggare trafikk

Fylkeskommunen vil fordele 5 millionar kroner i Trafikktryggingsmidlar til kommunane i år. Mest av alle får Flora med 666 000 kroner i tilskot. Også Stryn, Gulen og Naustdal får over ein halv million kvar, dersom tilrådinga frå fylkesrådmannen vert fulgt. 15 av 20 kommunar som søkte om støtte, får midlar til trafikk-trygging.