Hopp til innhold

Millionar til Terra-kommunene

Vik får rundt 15 millionar kroner, Bremanger rundt 43.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Les og: Terra-kommunene får pengene

Vik og Bremanger får no sin skjerv av dei 435 millionane som er tilgjengelege i buet til konkursråka Terra Securities. Pengane kjem frå tvangssal av dei omstridde obligasjonane og skal fordelast på alle som har tapt pengar på Terra-fadesen.

- Det ventar me i alle fall i denne omgang, men me ventar sjølvsagt meir, seier ordførar i Vik, Marta Finden Hallset.

Vil ha meir

Vik sine 15 millionar kroner er ikkje store summen når det totale tapet deira er på nærmare 100 millionar kroner. Og det er kanskje dobbelt så mykje i Bremanger. Men likevel er ordførar der, Kåre Olav Svarstad, nøgd i dag.

- Det er vi veldig godt nøgde med fordi vi heile tida har hevda at dette er pengar kommunene skal ha ut. Den eksakte summen veit vi ikkje, men det er over 43 millionar kroner, seier Svarstad.

- Det er pengane frå tvangssal av obligasjonar tidlegare i år og i fjor som no vert fordelte. Difor forventar Finden Halset i Vik, meir pengar framover.

Jobbar vidare

- Me er sjølvsagt veldig glade for at buet har konkludert med at kommunane skal få sine midlar utbetalt, men me håpar at summen me får tilbake skal bli større.

- Så det er ikkje nok med dei pengane de har fått no?

- Nei, det er det ikkje. Arbeidet held fram på brei front. Også i samarbeid med buet og det inneber at dialogen med dei involverte bankane held fram.

- Kor viktig er det å få desse pengane?

- Det er sjølvsagt veldig viktig for oss å få redusert dette tapet. Det vil seie å få inn så mykje som mogleg av det me meiner å ha til gode, seier Finden Hallset.