NRK Meny
Normal

No har dei nok pengar til å starte arbeidet med Måløyraidsenteret

– Gledestårene er ikkje langt unna, strålar Terje Sølvberg etter å ha fått gladmeldinga som gjer at arbeidet med Måløyraidsenteret kan starte opp.

Terje Sølvberg

GLEDE: Terje Sølvberg har vore primus motor for arbeidet med Måløyraidsenteret. – Det går mot oppstart med å lage til Måløyraidsenteret med høg fart, seier han.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Senteret har ein prislapp på tett opp under ni millionar kroner, og med to millionar kroner gjennom revidert nasjonalbudsjett kan senteret stå klart i løpet av neste år.

– Huset er klarert, og kommunen har vore veldig positive innanfor det dei kunne medverke med og hjelpe til. No er det tida og vegen, strålar Sølvberg.

75 år sidan

Martin Linge, skuespiller og leder av Kompani Linge

FALL: Martin Linge var ein norsk skodespelar og leiar av Kompani Linge under Måløyraidet.

Foto: Scanpix

Over fleire år har eldsjeler jobba iherdig med planane . Draumen er å opne i 2016 , som er 75 år etter at 576 allierte kommandosoldatar, med betydeleg støtte frå luft- og sjøstridskrefter, slo til mot Måløy.

Det er også 75 år sidan Martin Linge, som leia ei norsk avdeling, fall under angrep på det tyske hovudkvarteret i Ulvesund hotell.

Åtaket overtydde Adolf Hitler om at store styrkar måtte til for å halde på Noreg.

– No er det full fyr på heile arenaen så får ein koordinere dette slik at vi med ei fin opning får markert at senteret er i gang, seier Sølvberg.

– Nasjonal betydning

Eldsjelene bak senteret takkar regjeringspartia og samarbeidspartia for at dei kom til semje. Ifølgje Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn var det Venstre som sikra millionane.

Sveinung Rotevatn

NESTE ÅR: Sveinung Rotevatn (V) er glad for å få gjennomslag for løyvinga til Måløyraidsenteret. – Det viser at ein ser prosjektet, det viser at ein tek det på alvor og frå Venstre si side så er vi veldig nøgde med å ha fått på plass det som eg trur er nok for å komme i gang med senteret, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Løyvinga kjem over kulturdepartementet sitt budsjett, og blir kanalisert gjennom Musea i Sogn og Fjordane.

– Vi har jobba for dette, og er glade for gjennomslag i forhandlingane med dei andre samarbeidspartia. Eg håpar dei får realisert det allereie til jubileet til neste år, seier han.

– Måløyraidet er ei historisk hending av nasjonal betydning. Det er ei veldig viktig krigshistorie, og det er eit stort miljø i Måløy som har jobba aktivt for å få til eit senter som kan minnast og presentere denne viktige hendinga, legg han til.

Startar i sommar

I tillegg til investeringa på nær ni millionar kroner, gjorde regjeringa si løyving på 600.000 kroner tidlegare i vår til at driftsmidlane no er oppe i nær 800.000 kroner.

Fylket var opphavleg søkt om 2,8 millionar. No håpar Sølvberg at dei kan stille med 800.000 kroner.

– Vi skal starte i sommar med å ruste opp huset. Detaljplanlegginga har vi jobba med over tid, for vi har trudd at med det fokuset saka har fått hos Stortingsrepresentantar, i kulturdepartementet, kulturavdelinga og kulturkomiteen, så var her politisk dekning for å fremme saka og få positiv utgang på den, seier han.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy