Hopp til innhold

Millionar av nettbankkundar råka av feil

– Overfor alle som dette går utover, så må vi berre beklage, seier IT-giganten Evry. Det vil framleis ta tid før alle bank- og posttenestene er tilbake i full drift.

Nettbanktrøbbel for fleire bankar

TRØBBEL: Sparebanken Sogn og Fjordane sine kring 100.000 kundar er mellom dei som blir råka av bankproblema.

Foto: Oddleif Løset / NRK

  • Klokka 13 opplyser Evry på sine nettsider at driftstenestene er byrja å fungere som normalt att, og at dei vil følgje situasjonen nøye utover kvelden og helga.

Kundane til fleire storbankar, Posten Norge, Telenor og svenske Green Cargo og Statens Järnväger er ramma av feilen.

Hos Sparebanken Sogn og Fjordane var over 100.000 kundar og tilsette utan kontakt med bankkontoane.

– Det er ein feil i banken sitt kjernesystem som påverkar all kommunikasjon mot det vi kallar frontløysingar, nettbank, mobilbank og betalingsløysingar på kort, seier IT-sjef Geir Grime.

Kvart million kundar

Pressesjef Lars Ove Breivik hos Sparebanken Vest seier har ramma alle deira 250.000 personkundar og 10.000 bedriftskundar.

Lars Ove Breivik

ALVORLEG: Lars Ove Breivk hos Sparebanken Vest stadfestar at også deira kundar er råka av feilen.

Foto: Pressebilde / Sparebanken Vest

– Det positive er at dei fleste vil kunne betale med kort i butikk som har reserveløysing. Dei med kort som krev dekningskontroll, som oftast personar under 18 år, kan ikkje bruke sine kort, seier Breivik.

Ole B. Larsen, kommunikasjonsansvarleg i Skandiabanken opplever problema som alvorlege. Dei har over 400.000 kundar som er ramma av feilen.

Enn så lenge ber dei kundane om å bruke kort i butikkane der det er mogleg.

Håper løyser seg før helga

Meidekontakt i Skandiabanken, Ole B. Larsen

BUTIKK: Mediekontakt i Skandiabanken, Ole B. Larsen, skildrar nettproblema som både uheldige og alvorlege.

Foto: Fotograf Morten Wanvik AS

– Det er ingenting som tyder på at problema ikkje skal vere løyste inn mot helga. Men det er noko vi har diskutert internt, og vi får berre håpe det løyser seg i god tid før helg, seier han.

– Er det kritikkverdig at kundane ikkje får tak i pengane de forvaltar?

– Det er veldig uheldig. No er det diverre slik at vi som driver banker i Norge er prisgjevne ulike system. Denne gang har vi problem med våre leverandørar, men utan tvil; dette er svært, svært uheldig.

– Beklagar til alle råka

Geir Remman

ORSAKER: Geir Remman seier Evry jobbar på spreng med å løyse problema. – Mange bankar er råka og vi prøver å få kartlagt omfanget, seier han.

Foto: Evry

Feilen oppstod like over midnatt. Kommunikasjonsdirektør hos Evry, Geir Remman, opplyser at dei jobbar tett med IBM, som har levert stormaskina, sitt globale nettverk for å løyse problemet.

– Overfor alle som er råka, så må vi berre beklage det som har skjedd, seier Remman.

I 13-tida opplyste Remman at rotårsaka var identifisert og retta. Evry vil utover kvelden og helga følgje situasjonen nøye.

– Tenester er no starta opp att og i løpet av ettermiddagen reknar vi med at alt fungerer som normalt att, seier han.

Pengane er sikre

Nettbankproblem for Sparebanken Sogn og Fjrodane

MOBILBANK: Dei som prøver å logge inn på Sparebanken Sogn og Fjordane sinn mobilbank kjem ikkje særskilt langt.

Foto: Privat

Det er førebels uvisst kor mange som er blitt råka. Remman seier at det ikkje er knytt noko risiko til kunden sine pengar gjennom problema.

– Det er ingen grunn til å vere usikre på det. Det er tilgangen til våre system som er årsaka til dette, og det er som sagt ein sentral komponent som er årsaka.

– Det er ikkje tale om noko dataangrep, seier han.

Råkar Posten

John Eckhoff, pressesjef, Posten Norge

RÅKA: John Eckhoff i Posten Noreg seier at også deira utkøyring og utlevering av pakkar blir råka av feilen i Evry.

Foto: Posten Norge

Pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg seier feilen gjer at dei har store forseinkingar knytt til utkøyring av pakkar over heile landet.

– Det gjeld klimanøytrale servicepakkar, bedriftspakkar og stykkgodsleveringar, seier han.

«Ekspress over natt» blir også forseinka så lenge feilen ikkje blir retta.

– Det vil heller ikkje vere mogleg å hente ut pakkar som krev personleg utlevering eller der ein på annan vis må legitimere seg, seier han.