Hopp til innhold

Millionæren som fann lukka i å hjelpe andre

FLORØ (NRK): Ole Stenbakk hadde alt han trengde. Ein velfylt konto og eige fly, men livet mangla lukke. Det fann han først i ein krigsherja by i Sierra Leone.

Stenbakk

NY MEINING: For 16 år sidan fekk livet ei ny meining for Ole Stenbakk. – I over 16 år har eg vore i sju forskjellige land for å drive hjelpeprosjekt. Tida går fortare og fortare. Så no har eg panikk for alt eg vil gjere, seier han

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Eg tok ei avgjersle som 50-åring om at nok var nok. Eg levde godt. Hadde eige fly, fleire bilar og den største båten. Det gav meg ikkje lukka eg trengde.

Etter 25 år som byggmeister sa det stopp. Eit liv i sus og dus var ikkje det livet han ville leve lenger.

– Du blir med på ein karusell. Alt handlar om å ha det betre enn naboen. Har naboen ein ny flott bil, så skal du ha ein som er flottare.

Florø-mannen bestemte seg for å endre på ting. Sjølv hadde han alt han trengde, men Stenbakk ville hjelpe dei som ikkje hadde noko. Då vart tanken om hjelpeorganisasjonen BuildAid fødd.

Møte med vesle Sara

No har det gått 15 år sidan livet fekk ei ny meining for florøværingen. Heime i Vågane i Bremanger heng det eit bilete av ei afrikansk jente med brune auge og hareskår.

– Dette har hengt her i alle desse åra, og eg vaknar til det kvar dag. Nokre menneske gjer berre noko med deg. Eg møtte Sara då ho var fire-fem år gamal. Mora visste ikkje kor gamal dottera var.

Hareskår

PÅ VEGGEN: Dette bildet heng på veggen til Ole Stenbakk, som ser på det kvar morgon når han vaknar.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Kjensla av å ville hjelpe til førte Stenbakk til eit krigsherja Sierra Leone på vestkysten av Afrika. Der møtte han Sara som stod i kø for legebehandling saman med hundrevis av menneske.

– Etter 14 dagar blei ho operert. Dei ordna både tenner og lepper i ein operasjon.

Sidan då har Stenbakk betalt for skulegongen til Sara, som no er i 20-åra. Historia skulle ikkje stogge i Sierra Leone og hjå Sara.

Vart skutt

Hjelpeprosjekta skulle fortsette vidare. Til skulebygging i jordskjelvråka Haiti, eller bygg til forlatne born på Filippinane.

– I over 16 år har eg vore i sju forskjellige land for å drive hjelpeprosjekt. Tida går fortare og fortare. Så no har eg panikk for alt eg vil gjere.

Prosjekta har ført Stenbakk til alt frå Kongo og Vietnam. To gonger har han opplevd å verte skutt på i arbeidet. Likevel er det ikkje det som sit att i minna.

– Når eg ser tilbake til eit land, så ser eg ikkje tilbake til naturen eller landet. Eg ser alltid eit andlet og ei historie.

Stenbakk får mykje hjelp frå både sambuar og sponsorar. Kvar dag kjenner han på at det er nokon som treng hjelp.

– Eg burde vere stolt og glad, men det ligg ei kjensle av lengsel. Eg kjenner meg ikkje halvferdig. Er det noko eg angrar på, så er det at eg ikkje starta på dette livet tidlegare.