Hopp til innhold

Million-dom mot fiskeanlegg

Florø-firmaet Haukaa Settefisk er dømd til å betale Pan Fish 15 millionar kroner.

Bakgrunnen er manglande betaling for leige av Pan Fish sitt anlegg på Haukå i Flora. Advokat, for Pan Fish, Ole-Reinhart Notø, er nøgd med dommen.

- Vi er nøgd med resultatet i dommen, fordi den er i samsvar med påstanden til Pan Fish, seier han.

Fekk aldri pengane

Haukaa Settefisk, med dagleg leiar Gudmund Strømsnes i spissen, gjekk i 2003 inn ein avtale med selskapet Norway Seafarms, som i dag går under namnet Pan Fish. Avtalen gjekk ut på at Haukaa fekk leige eit settefiskeanlegg. Men trass fleire purringar, fekk Pan Fish aldri pengane dei hadde krav på. I dommen frå Fjordane tingrett har dei difor fått medhald i at Haukaa settefisk må tilbakebetale nærare 15 millionar. Advokat Notø meiner det er ein grundig og god dom.

- Dei hadde ein avtale der dei skulle betale ei årleg leige. Den betalingsplikta er ikkje halden, og då er dommen rett, seier han.

Konflikt

Strømnes er tidlegare eigar av Norway Seafarms. I 2000 vart han den rikaste i Sogn og Fjordane då han selde oppdrettsverksemda si til Pan Fish. For salet fekk han 200 millionar kroner og Pan Fish-aksjar. Men no har han altså komme i konflikt med selskapet som gjorde han til mangemillionær.

- Viktig med streng straff

For i tingretten vart også eit anna selskap han er administrerande direktør i, dømd til å betale over 3,3 millionar kroner. Også det på bakgrunn av ikkje å ha betalt leige til Pan Fish. Advokaten for Strømsnes sine selskap seier dei ikkje vil kommentere dommen på det noverande tidspunkt, men advokat for Pan Fish, Ole Reinhart Notø, meiner det var viktig med ei streng straff.

- Når ein har ein avtale, så tykkjer eg at ein bør gjere opp for seg, seier han.