– Dei strør pengane utover som salt på vegen

Krangelen om fordelinga av kraftmilliardar i nye Vestland fylke held fram mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

Roald Steinseide og Jenny Følling på møte i fellesnemnda i Vestland

USAMDE: Roald Steinseide (Frp) og Jenny Følling (Sp) er samde om at dei er usamde i kraftmilliard-diskusjonen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. – Utgangspunktet kor dei gir vekk desse kraftaksjane til kommunane, er veldig lite lurt, seier Steinseide.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil gi frå seg milliardverdiar til kommunane i fylket for å behalde kontrollen over midlane, noko hordalendingane likar svært dårleg.

I dag var temaet igjen oppe då Fellesnemnda for det nye vestlandsfylket møttest. – Veldig lite lurt, er dommen frå Frp-politikar Roald Steinseide frå Hordaland når det gjeld løysinga Sogn og Fjordane ønskjer seg.

– Eg meiner ein gjer innbyggjarane i Sogn og Fjordane ei bjørneteneste, seier han.

– I staden for å får ei oppgradering og ha hand om desse midlane, og gjerne binde dei opp til Sogn og Fjordane, så strør ein dei ut omtrent som om du skulle strø salt på vegen.

– Blir mindre til investeringar

Steinseide meiner pengane hadde kome innbyggjarane i Sogn og Fjordane meir til gode om pengane blei med inn i det nye storfylket, enn om ein fordeler det utover kommunane.

Denne løysinga gir mindre pengar til investeringar i det nye fylket, seier han.

– Det hadde kome innbyggjarane i Sogn og Fjordane betre gode viss midlane hadde følgt over i ein ny Vestland fylkeskommune, og ein kanskje hadde brukt desse på fylkesvegar og vidaregåande skule.

– Vi har trass alt ein fylkeskommune som skal fortsetje, seier Frp-politikaren.

– Utidig

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) svarer at dei har gjort det som står i intensjonsavtalen.

– Det er eit faktum at Sogn og Fjordane har bygd opp kraftaksjar gjennom hundre år, og Hordaland har det ikkje. Når vi går inn i eit fylke, hadde vi avtalt i intensjonsplanen at vi kunne halde dette utanfor regionetableringa eller vi kunne legge det i eit fond, seier ho.

– Då synest vi det utidig å komme med kritikk og alternative løysingar no. Vi gjer akkurat som avtalt, seier Følling.

Følling viser til at Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag hadde ein liknande situasjon og vart einige om ei tilsvarande løysing som den politikarane i Sogn og Fjordane ønskjer.

Var imot intensjonsavtalen

Steinseide var ikkje sjølv med i forhandlingane om intensjonsavtalen, men viser til at Frp stemte imot denne.

Likevel meiner han krangelen om kraftmilliardane ikkje påverkar samarbeidsklimaet framover.

– Eg trur både eg og Jenny Følling er så profesjonelle at vi ikkje har problem med samarbeidsklimaet. Når neste sak kjem, søker vi løysingar på den, seier han.