Milliardkontrakt til Fjord1

Fjord1 har vunne ferjekontraktar til ein verdi av meir enn 2 milliardar kroner på Sunnmøre, det skriv Firda. Dette er samband vi allereie driftar i dag, så det er kjekt å vinne dei att, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland til avisa. Ferjeselskapet konkurrerte mellom anna med Norled om kontraktane. Totalt er det 12 ferjer som skal drifte dei fire sambanda. Av dei er to elektriske.

Dagfinn Neteland
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK