Normal

Milliardar i prisvekst for legemidlar

Utgiftene til legemidlar har auka med 2,7 milliardar dei siste to åra. Kostnadsauken er på nivå med den årlege drift av eit helseføretak som Helse Førde.

steinar

Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, reknar med at kostnadene til legemidlar vil gå ytterlegare i været i åra som kjem. Han seier legemiddelindustrien har mest mogleg inntening som hovudfokus.

Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

– Mykje av kostnadsauken har falle på sjukehusa på grunn av svært kostbare medisinar mellom anna mot kreft og hepatitt C, seier Steinar Madsen som er medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk.

Han viser til at legemiddelbransjen har høgast mogleg inntening som hovudmål og at styresmaktene må demme opp mot dette.

Frå 2007 til 2013 var det berre ein svak auke i legemiddelutgiftene. Men dei to siste åra har utgiftene auka med 2,7 milliardar til 23,4 milliardar.

– Det er ikkje usannsynleg at prisauken blir på opp mot 50 prosent i løpet av dei komande 10–15 åra. Fleire får kreft og det kjem nye kreftmedisinar som er svært kostbare, seier han.

Mange typar medisnar kan seljast langt billegare enn i dag. Likevel vil legemiddelindustrien tene pengar.

Steinar Madsen

Oppmodar til bruk av kopimedisinar

Madsen fortel om det nye systemet i Norge, der styresmaktene vurderer kva medisinen er verd og kor mykje det kostar å vinne eit leveår.

– Er kostnaden altfor høg, vil vi ikkje bruke medisinen. Det kan ikkje koste altfor mykje.

Er dette eit mottrekk mot legemiddelindustrien?

– Ja, det er det. Mange typar medisinar kan seljast langt billegare enn i dag og industrien vil likevel tene gode pengar. Når det kjem kopimedisinar på marknaden, fell prisen vesentleg. Difor er det veldig viktig at vi brukar mest mogleg kopimedisinar også i Norge, seier Madsen.

Skuldar bransjen for kynisme

Hans Johan Breidablik, seniorrådgjevar i Senter for helseforsking i Førde, er oppgitt over kostnadsauken.

Hans Johan Breidablik

Legemiddelindustrien er ein kynisk bransje som heile tida jobbar for å få best mogleg betalt for medisinen dei sel, seier Hans Johan Breidablik, seniorrådgjevar i Senter for helseforsking.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ein sum på nærare tre milliardar er på storleik med den årlege drifta av heile Helse Førde. Dette er ein urovekkjande stor kostnadsauke. Midlane må takast frå andre tiltak og andre pasientgrupper.

Legemiddelindustrien hevdar det er svært kostbart å utvikle nye medisinar. Har du ikkje forståing for dette?

– Det har alltid vore kostbart å utvikle nye medikament, men vi har aldri før hatt medisinar i slike enorme prisklassar som no. Vi ser ein kynisk legemiddelbransje som har som hovudmål å tene mest mogleg pengar.

Vi har aldri hatt medisinar i slike enorme prisklassar som i dag.

Hans Johan Breidablik

Breidablik, som nyleg har gått av som fagdirektør i Helse Førde, har i lengre tid stilt seg svært kritisk til legemiddelbransjen.

Avviser kritikken

Administrerande direktør i den norske legemiddelindustrien, Karita Bekkemellem, avviser Breidablik sine skuldingar.

Karita Bekkemellem

Administrerande direktør i den norske legemiddelindustrien, Karita Bekkemellem, meiner svak kronekurs er årsaka til den kraftige kostnadsauken på medisinar.

Foto: NRK

– Det er berre trist at Breidablik kastar fram udokumenterte påstandar på denne måten. Det er 4000 tilsette i den norske legemiddelbransjen som har eit brennande engasjement for å redde liv. Påstandane hans fell på si eiga urimelegheit.

Men kva er årsaka til utgiftene til legemidlar har auka med 2,7 milliardar dei to siste åra?

– Vi har dei siste åra opplevd ei svært svak krone og mange av dei legemidlane vi brukar er importerte. Dette har fått konsekvensar for prisnivået på legemidlar. I tillegg er fleire nye og gode legemidlar tekne i bruk, seier ho

Vegopning på Bergum i Førde kommune