Hopp til innhold

Milliardar å spare på tidleg nok hjelp

Halvparten av borna som treng hjelp frå barnevernet får det ikkje i tide, og vert ein del av barnevernsstatistikken som kostar samfunnet dyrt.

Barnevern

TRENG HJELP: Dobbelt så mange barn som får hjelp, treng hjelp. Det kostar samfunnet milliardar.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Ein ny rapport ført i pennen av Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir), viser at satsinga på barn frå 0–3 år må aukast.

Barne- og ungdomsminister Solveig Horne bestilte rapporten, då ho stogga nedlegginga av det einaste tilbodet til vanskelegstilte gravide og småbarnsfamiliar i Sogn og Fjordane.

I dag får om lag 5000 barn under tre år hjelpetiltak av barnevernet kvart einaste år, men rundt det dobbelte treng hjelp. Samfunnet vil kunne spare 1,6 milliardar kroner på eit årskulls livsløp om desse vert fanga opp tidleg, viser rapporten.

– Det skjer ved at desse barna får ein betre skulegang og kjem seg i arbeid, seier direktør i Bufdir, Mari Trommald.

– Vi driv vidare som før

Det skapte stor uro då det statlege barnevernet region vest ville leggje ned det einaste tilbodet i Sogn og Fjordane for vanskelegstilte gravide og familiar med små born. Barne- og familieminister Solveig Horne stogga vedtaket, og bad om rapporten frå Bufdir.

Leiar av Sogn og Fjordane barne og familiesenteret, Irene Havn, synest rapporten er tydeleg.

– Ut ifrå det som er skrive og sagt har ikkje eg noko grunn til å vere uroa for at vi skal bli råka. Vi driv vidare slik vi har gjort. Mykje tilseier at det er ein stor kvalitet å ha tenestene nære brukarane, seier Havn.

Vil lovfeste ansvar på statleg nivå

Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir: Mari Trommald

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Det har vore stor uro kring kva som skal skje med allereie eksisterande tilbod.

– Denne rapporten seier ikkje noko om tilbodet i enkelte delar i Norge. Men han seier at det er eit veldig ulikt tilbod. Bakgrunnen er at tilbod til spedbarn og småbarn ikkje er eit lovpålagd tilbod, seier Trommald i Bufdir.

Bufdir vil difor gje staten eit tydlegare ansvar for andrelinetenesta, foreldre- og barnesentera, i tillegg til at kommunane tek i vare ansvaret for kartlegging og oppfølging av spedbarn og småbarn som ikkje har store problem.

– Her føreslår ein eit lovbestemt ansvar på statleg nivå, samstundes som ein styrkar tenesta både i kommunar og det statlege ansvarsområdet, seier Trommald.

Rapporten er send til Barne-, familie- og likestillingsdepartementet, der han skal handsamast.