Hopp til innhold

Sjekk bileta: Her kosar den russiske vodkamilliardæren seg på stranda

Folk i Vågsøy trudde mest ikkje sine eigne auga då den russiske mangemilliardæren Yuri Scheffler kom i land på Sætrastranda på Halsør i Vågsøy og hadde grillparty på land laurdag kveld.

Mange har observert den enorme luksusyachten til milliardæren, «Serene», som har glidd oppover norskekysten. Båten har mellom anna lege til kai i Bergen fleire stadar. Mellom anna ankra den opp utanfor sjømatrestauranten «Cornelius» der følgjet på 17 åt middag onsdag kveld.

I morgontimane søndag vart yachten sett i Ålesund, på veg vidare inn Storfjorden.

Er ein av Russlands 100 rikaste

Ifølgje vitne på staden skal båteigaren sjølv, multimilliardæren Yuri Scheffler, ha kost seg på stranda. Scheffler er ein av Russlands 100 rikaste personar.

NRK har førebels ikkje fått nokon av dei involverte i tale, men det skal vere lokale folk frå Vågsøy som har vore med å skipe festen.

På Sætrastranda var det reist både partytelt og tent bål, og følgjet frå båten benka seg rundt bålet og såg ut til å kose seg i kveldstimane. Båten skal ha reist frå staden ei stund etter klokka 23 då det tok til å blåse litt i området.

«Serene» er registrert på Cayman Islands, og er ein charteryacht av den aller mest luksuriøse typen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Den russiske mangemilliardæren Yuri Scheffler har strandfest Sætrasanden lørdag 5. juli 2014.

Rik på sprit og vodka

Scheffler har bygd opp formua si på vodka og sprit, særleg merket Stolichnaya. Båten skal vere den tredje dyraste luksusyachten i verda, og kosta to milliardar kroner.

Yachten er 134 meter lang, 18,5 meter brei og stikk 5,5 meter djupt. Den har 12 lugarar, sju dekk og ei dekkflate på nær 4500 kvadratmeter. Den skal ha eit mannskap på over 50 personar, medan det «berre» er plass til 24 gjestar.

Om bord skal det vere fleire symjebasseng, utandørs kino, eigen ubåt med plass til ein kaptein og fire passasjerar, og eigen helikopterhangar og to helikopterdekk.

Teikna av nordmann

Luksusskipet vann også World Superyacht Awards i 2012, mellom anna på grunn av det avanserte utstyret som finst om bord.

Det skal vere både spa, sauna, treningsrom, tyrskisk bad og også eit eige snørom der det vert produsert kunstig snø som gjestane kan kjøle seg ned i.

Yachten vart bygd ved det italienske verftet Fincantieri og vart overlevert til eigaren i 2011. Yachten er teikna av norske Espen Øino, og vart opphavleg laga på bestilling av den russiske oligarken Vladimir Potanin.

Ifølgje Bergen Havnevesen skal «Serene» returnere til Bergen onsdag 9. juli.