Hopp til innhold

Milliard-krangel skapar splid i det nye «Vestlandet»

Sogn og Fjordane prøver å halde mest mogleg kraftverdiar for seg sjølv, og Hordaland har sett seg på bakbeina. No er det dårleg stemning i det nye storfylket på Vestlandet.

Bjørn Hollevik

DÅRLEG STEMNING: Bjørn Hollevik i Høgre i Sogn og Fjordane seier at det ikkje var triveleg på møtet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i går.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– I byrjinga av møtet var det blautkake og god stemning, men etter kvart vart det dårleg stemning. Det vart utriveleg å vere der, seier Bjørn Hollevik i Sogn og Fjordane Høgre.

Samanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland til det nye storfylket «Vestlandet» var ei av dei samanslåingane som var tidlegast klar, og stemninga var god heile vegen. Etter eit møte i går har stemninga plutseleg snudd.

Det var Firda som først omtalte saka.

Usemja som har oppstått dreier seg om kor mykje pengar Sogn og Fjordane skal få lov å halde for seg sjølv etter at dei to fylka har slått seg saman.

– Dette er verdiar som vi har bygd opp her i fylket over hundre år, og det er heilt grunnleggjande for oss å få behalde noko av det, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp).

– Veldig rart at Hordaland ikkje har fått med seg dette

I avtalen mellom dei to fylka står det at Sogn og Fjordane skal få lov til å halde 1,5 milliardar kroner i eit fond som berre skal brukast hos dei. Dette er først og fremst tale om aksjeposten som fjordfylket har i kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi, og inntektene dei har etter at dei selde ferjeselskapet Fjord1.

No kranglar dei om korleis dei skal tolke avtalen.

Hordaland meiner at 1,5 milliardar er eitt absolutt tak på kor mykje naboen skal få ha i særeige, medan Sogn og Fjordane meiner at dette talet handlar om såkalla «bokførte verdiar».

Eit selskap kan vere verdt mykje meir enn det står bokført som, og Sogn og Fjordane vil ha alle desse pengane.

– Og det har vore klart heile tida. Vi er veldig overraska over at Hordaland byrjar å protestere no, det er veldig problematisk, seier Følling.

– Det er veldig rart at Hordaland ikkje har fått med seg dette før, seier Bjørn Hollevik i høgre.

Jenny Følling

OVERRASKA: Jenny Følling er forundra over at Hordaland byrjar å protestere no.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi kan ikkje gå med på så mykje

Fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø (KrF), seier at dei ikkje kan gå med på at Sogn og Fjordane får med seg meir enn 1,5 milliard kroner i særeige.

– Det kan vi ikkje gå med på, og det vil ikkje få fleirtal i Hordaland. Det er eigentleg første gong vi diskuterer dette på detaljnivå, så det er grunnen til at det kjem opp no.

I Nord-Norge er det så mykje splid at heile avtalen held på å havarere. Dei tre politikarane vil ikkje spekulere i om det same kan skjer her, men understrekar at stemninga no er svært dårleg.