NRK Meny
Normal

Miljøvernforbundet slaktar nytt utsiktspunkt

– Det er ein sorgens dag for vestlandsnaturen, sa Per Nordå i Miljøvernforbundet då «Utsikten» vart opna på Gaularfjellet torsdag.

Utsikten Gaularfjellet

MEKTIG UTSIKT: Det er alle samde om, men korleis utsiktspunkta skal byggast er noko anna.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Den heilt nyopna «attraksjonen» har vore diskutert, men likevel vunne fram. Torsdag blei den opna med over hundre turistar og lokale folk på plass. Likevel har ikkje alle slått seg heilt til ro med at utsiktspunktet er kome for å bli.

– Dette er å invadere eitt av verdas flottast landskap med såkalla fotavtrykk frå vår tid. Dei har plassert eit stort framandelement i denne perla, som eg sjølv kvart år har hatt som toppstrekning for mi haustreise gjennom strekk, seier Per Nordå i Miljøvernforbundet.

Kritiske til betong og stål

Per Nordø

KRITISK: Per Nordø i Miljøvernforbundet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nordå viser til kåringar som er gjort internasjonalt, der norsk landskap har gått til topps, nettopp på grunn av at det er ekte og originalt. Det er det ikkje på Gaularfjellet no, meiner han.

– Ein kan ikkje seie at det var urørt før, men utsiktspunktet var neddempa og tilpassa til dette storslåtte landskapet. Då er det ikkje betong og stål som er grunnlaget for at ein internasjonalt har fått denne eineståande tilbakemeldinga på naturen, seier Nordå.

Men hos Nasjonale turistvegar som står bak Utsikten, er dei av eit anna syn. Prosjektleiar Bjørn Andresen er open for kritiske røyster, men meiner arkitektur er eit viktig verkemiddel for å lokke turistar.

– Vi ser at spennande arkitektur i flott, norsk natur er noko som når langt ut i verda og skapar merksemd rundt dei nasjonale turistvegane. Du kan byggje ting som er veldig neddempa, men du vil aldri få den same merksemda. Og vi tapar litt i kampen om turistane, så vi meiner arkitekturen må vere såpass sterk at den vinn fram, seier han.

Utsikten Gaularfjellet

STOR MARKERING: Over 100 turistar og lokalfolk var samla då Utsikten vart opna på Gaularfjellet torsdag.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Usamde om mandatet

Miljøvernforbundet har forståing for at Utsikten er komen for å bli, men meiner det er behov for sjølvransaking.

– Nasjonale turistvegar har mykje bra i seg, men vi har i 15 år sagt at vi må passe på å leve i pakt med det som var mandatet for prosjektet, nemleg å utvikle prosjektet i tråd med det eineståande landskapet og naturen prosjekta går gjennom.

Prosjektleiar Bjørn Andresen, Vegvesenet og anleggsleiar Hans Aksel Fjelldal i Veidekke

NØGD MED RESULTATET: Prosjektleiar Bjørn Andresen i Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen (til venstre).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men Andresen kjenner seg ikkje att i denne skildringa av mandatet deira.

– Det som ligg bak er at Nasjonale turistvegar som jobbar for å få meir turistar til å besøke Norge, dei brukar arkitektur medvitent som eit verkemiddel.

Det er ikkje første gong attraksjonen har fått kritikk av denne typen. I tillegg har det også kome kritikk for at pengane blir brukt på dette, framfor å utbetre vegen. Men Andresen seier det først og fremst har kome positive tilbakemeldingar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.