Hopp til innhold

Får ros for å innføre Noregs mest miljøvennlege ferjesamband

Miljøstiftinga Zero rosar samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen for å stille krav om to lågutsleppsferjer på E39-sambandet Anda–Lote frå 2018.

Ketil Solvik-Olsen

FÅR ROS: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen får skryt frå miljøstiftinga Zero, for at han vil ha lågutsleppsferjer på sambandet Anda-Lote.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Minst ei av ferjene skal vere elektriske, gjerne begge, seier samferdsleministeren.

Ferjesambandet kan dermed det første i landet som berre har elektrisk drivne ferjer i normal trafikk.

Godt nøgd med nyheita

Kommunikasjonssjef i Zero, Jon Evang, har ikkje for vane å skryte av Framstegspartiet, men er godt nøgd med nyheita.

– No følger ein opp Stortinget sitt vedtak om at ein skal bruke null eller lågutsleppsteknologi der det ligg til rett for det og teknologien er tilgjengeleg, seier Evang.

I dag finst det berre ei stor heilelektrisk ferje i verda. Norled si «Ampere» har trafikkert sambandet Lavik–Oppdal i Sogn sidan februar.

Håpar på to el-ferjer

Men samferdsleministeren vil ha meir. Då Ketil Solvik-Olsen i går køyrde gjennom Sogn og Fjordane på sin e39-turné, avslørte han krava til ferjeanbodet på sambandet Anda–Lote som skal gjelde frå 2018.

– Dette skal bli ei strekning der ein testar ut miljøteknologi. Vi legg inn at minst ei ferje må vere utsleppsfri. Den andre ferja kan vere ei elektrisk ferje eller det kan vere ei lågutsleppsferje som gå på biogass. Men det betyr at ein må ha beredskap i tilfelle straumbrot, seier Solvik-Olsen.

Evang håpar at resultatet blir to elektriske ferjer i Nordfjord.

– Då får vi nye nullutsleppsferjer i drift og vi får spennande og innovative oppdrag for norske verft, seier han.