Hopp til innhold

Miljøministrane usamde om gruvedeponi og Førdefjorden

Den tidlegare og den noverande miljøministeren er usamde om truga fiskeartar er grunn til å forby gruvedeponi i Førdefjorden.

Tine Sundtoft og Bård Vegar Solhjell

IKKJE SAMDE: Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft og tidlegare miljøminister og stortingspolitikar for SV, Bård Vegar Solhjell.

Foto: Montasje: NRK

Nordic Mining ønskjer å utvinne 200 millionar tonn rutilmalm over 50 år i Naustdal. Gruveavfallet skal dumpast i fjorden. Miljødirektoratet meiner deponiet vil vere problematisk for truga artar som pigghå, kysttorsk, ål og blålange. Førdefjorden er det einaste kjende gyteområde for blålange.

Etter Miljødirektoratet sa nei til fjorddeponi, meiner tidlegare miljøminister Bård Vegar Solhjell at deponi er i strid med naturmangfaldlova. Dette tok Solhjell opp i eit spørsmål til Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

– Svaret var veldig skuffande, for beskjeden frå miljødirektoratet er klar. Då hadde eg forventa at miljøministeren skulle gje eit kampsignal om at dette er viktig, men det gjer ho ikkje.

Må vege interesser mot kvarandre

Miljøminister Tine Sundtoft presiserer i sitt svar at ho ikkje vil kommentere Førdefjorden spesielt, fordi avgjerda ligg i Kommunaldepartementet.

På generelt grunnlag seier ho at Naturmangfaldlova ikkje set noko absolutt grense for kva vedtak som kan fattast, fordi lova har ikkje høgare rang enn andre lover og reglar. Omsynet til naturmangfaldet må vegast mot andre viktige samfunnsinteresser, skriv Sundtoft.

– Når ein art kan forsvinne, meiner eg naturmangfaldlova må gå føre næringsaktivitet. Om ikkje, er det vanskeleg å forstå kva tid lova skal kome til nytte, meiner Solhjell.

Kunne teke ei avgjerd sjølv

Solhjell trur ikkje på hjelp frå miljøvernministeren.

– Eg fryktar folk i indre Sunnfjord der eit stort fleirtal er mot, og vi som er opptekne av fiskeri og naturvern, må gjere jobben sjølv.

– Angrar du på at du ikkje tok avgjerda når du sat som miljøminister?

– Eg gjer ikkje det. Eg er tilhengar av kunnskap. Dette dreiar seg om arbeidsplassar, og eg kan seie mykje positivt om gruvedrift om det kan gjerast miljømessig forsvarleg. No har vi meir kunnskap. Det vil gje store problem for fleire artar i fjorden og eit fleirtal i lokalbefolkninga er mot. Eg ser få grunnar til å seie ja.