Militærøving påverkar trafikken

Ei stor militærøving med over 1000 soldatar kan påverke trafikken denne veka. Heimevernet varslar øvingsaktivitet og militærtrafikk langs vegane frå Sogndal til Førde og Florø. Nordfjordeid, Grodås, Stryn og Måløy blir også nytta til trening.